Uverdig prosess

Publisert Sist oppdatert

Altfor seint, sjølvsagt, men endeleg har Den norske Forfatterforening gjeve 17 norske forfattarar ei offentleg orsaking for at foreiningas eigen «rettsinstans», den såkalla æresretten, dømde dei for å ha «sviktet den nasjonale sak», som det heitte, og «gjort sig uverdig til å være foreningens medlemmer», i 1945.

Dei 17 forfattarane er Per Arneberg, Stein Balstad, André Bjerke, Ejlert Bjerke, Johan Bojer, Waldemar Brøgger, Theodor Dahl, Audun Hierma, Trygve Hjort Johansen, John Klepzig, Alf Larsen, Georg Wasmuth Sejersted, Olav Sletto, Ragnar Solberg, Harald Thaulow, Thorvald Tu og Herman Wildenvey.

Denne saka er ei trist historie. Som leiaren i forfattarforeininga i dag, Heidi Marie Kriznik, seier: «Det ble handlet på en del rykter og følelser, på altfor tynt grunnlag.»

Diverre var det internt i foreininga liten motstand og strid om opprettinga av «retten» og retningslinene for arbeidet. Og det gjekk fort. Alt arbeid var ferdig og alle dommar var klare på eit halvår.

Sjølve domsvedtaket vart gjort på foreiningas julemøte 13. desember – alt tragisk skildra i Nils Johans Ringdal bok om forfattarforeiningas historie frå 1993 og Dag Solhjell og Hans Fredrik Dahls bok Men viktigst er æren frå 2013.

52 medlemer møtte opp på restaurant Telle i Oslos for å røysta over kjenninga til «retten». Dei fleste visste ikkje kven som skulle opp til doms før dei kom på møtet. Sjølve «rettsforhandlingane» liknar ein farse. Det var ingen realitetsdebatt om saka til kvar einskild forfattar, og ingen fekk møta for å kunna forsvara seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement