Verna av vasskraft

Statssekretær Kjetil Vevle mottok i 2022 10.285 underskrifter mot utbygging av verna vassdrag frå naturvernorganisasjonane.
Statssekretær Kjetil Vevle mottok i 2022 10.285 underskrifter mot utbygging av verna vassdrag frå naturvernorganisasjonane.
Publisert Sist oppdatert

Naturvernrørsla i Noreg er forma i 1970-åra av den stundom heroiske, men ofte tapte kampen for å berga elvar mot å bli lagde i røyr. Men som plaster på såra etter Mardøla, Øvre Otta og Stilla kan Naturvernforbundet i dag slå seg på brystet av di 390 andre vassdrag her i landet no er verna mot utbygging.

Vasskraftlobbyen, dei norske kraftsosialistane og industrieigarane, har på same tid gjort sitt beste for å tørrleggja fossar og elvar og leggja stølsdalar og beiteområde under vatn, og demonstrantar i lenkjer, til dømes i Alta/Kautokeino.

Storofsen Hans har rota til desse tradisjonelle og klåre posisjonane. I Hallingdal blei tusenårsflaumen øvst i vassdraget redusert til ein hundreårsflaum takk vera ansvarleg regulering av vasskraftmagasin lenger nede, skal ein tru kraftselskapet Hafslund. Regulering kan òg vera kulturvern i ekstreme tider.

Urørt natur med skog, myr, bekker og gras er kan hende ikkje lenger nok til å jamna ut flaumtoppane og gjera at elva for folk lenger nede i dalane er til å leva med og ikkje drukna i?

Treng me difor vern mot vern av vassdrag òg? Om me må bu oss på meir vêr av kaliberen til Hans, krevst kan hende no ei fordomsfri utgreiing av føremoner og ulemper med meir regulering?

Nye elvar i røyr treng me ikkje, men nye planar trengst for pumping av overløpsvatn til høgareliggjande magasin via nye tunnelar og turbinar i revers – til prisdempande bruk i tørketider og til balanse for solceller og vindturbinar i mørke og maksvêr.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement