1. januar 1968
Olav H. Hauge-dagbøkene: Dostojevskijs liv var eit liv i liding, i smerte, både åndeleg og lekamleg, eit liv i kamp mot ein hard lagnad
Ein kan spyrja seg sjølv: Hadde Stalin og Hitler, for å ta tvo av dei nye røvarane, lese Dostojevskij? I alle fall ikkje fylgt han til endes og set hans løysing på kva rett individet har.
Nietzsches syn har dei sikkert hatt kjennskap til, maktmennesket, herremoralen, det er lett å forstå og lett å gripa. Det er dyret sin moral (um ein kan segja det har noko slikt som moral), det er einfelde slutningar ut ifrå Darwins lære; men mennesket sin moral er ein annan, det var det Dostojevskij forstod.
Er ikkje Amtmandens Døtre eit like stort kunstverk fordi um ikkje Camilla Collett nytta seg av indirekte tale i stilen?
Attende til Dostojevskij. «Den som veit mykje um seg sjølv, veit òg mykje um han som meir enn nokon annan var det ytste målet på menneskelegdom ... me lyt fyrst vandra gjennom vår eiga djupn før me kan våga oss på hans,» segjer Zweig um han. Og han legg til: «Han sender ingen bodberarar, einast opplevinga fører oss til Dostojevskij.» [Sitata er førte inn på tysk i dagboka av Hauge. Omsett her av Dag og Tid.]
Dostojevskijs liv var eit liv i liding, i smerte, både åndeleg og lekamleg, eit liv i kamp mot ein hard lagnad. Men han forstod herdingi, sjelebaten i lidingi – og sigra. I ungdomen ein troglodyt [?] – heller bue –, som mange andre i dei åri –, men alltid lengtande mot sant menneskeverd.
Dostojevskijs og russisk radikalisme er eit forvitneleg kapittel – serleg tilhøve hans til Bjelenski. Det same vil me vel kunne sjå i dag, no nyradikalismen gjer reint bord med idealitet og sjeleliv og alt slikt som var heilagt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.