12. januar 1971

«Og Hedda, ja henne kunde ein segja mykje stygt um! Frigid, det var no ein ting. Likevel, ho held sine rov.»

Publisert

Mor 98 år. Høg alder. Like klår og prati.

Hedda Gabler skal upp på Det Norske Teatret. Eg har set det ein gong, lese det mange gonger. Og las det uppatt i går kveld. Høver til «one sitting». Tesmann, Daniel Løvborg. Legg merke til namni. Tesmann, held seg til tesane, ordet, det som er gjort, samlaren, kommentatoren. Elles ein snild mann. Daniel Løvborg. Daniel i løvehola. Den djerve, den nyskapande, vegbrøytaren.

Og Hedda, ja henne kunde ein segja mykje stygt um! Frigid, det var no ein ting. Likevel, ho held sine rov. Sjølv skyt ho idealet ut i det uendelege til det umogeleg, då er ho trygg, det kan ikkje verta noko av. For ho er redd røyndi, livet, seksualangst er vel eit ord her. Hedda er kanskje den mest fasinerande kvinna hjå Ibsen.

Elles, privat merknad: Det slær ein kor bundne desse menneski er, bundne av konvensjonar! Kor lite dei maktar å brjota ut, ta sin lagnad i si eigi hand! Thea, stakkar, er den einaste som vågar noko. Sant nok, Løvborg og Hedda vågar å drepa seg, og det er djervt nok, men er det noko løysing?

Er det ikkje nett her løyndomen ved Ibsen ligg, observeringi av dei strenge reglar, konvensjonane i det gode selskap, og dei små broti som sume gjer på desse reglane. Han er som ein overdomar ved eit sjakkspel, legg merke til spelet og dei ulovlege trekk!

Personane hjå Ibsen, endåtil upprørarane, gjer sjeldan heilt uventa kast, er sjeldan fantastiske. Dei med er bundne av det konvensjonelle, dei er ikkje frie, lever ikkje på eit sjølvstendig plan, i ei onnor verd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement