12. januar 1971

Ibsen vart aldri fri, difor er ikkje menneski hans frie heller.

Publisert Sist oppdatert

Lat gå, Ibsen hånar og kjempar mot konvensjonane, den gode tone i samfunnslivet. Men likevel – han tek dei dødleg alvorleg! Og det er det borgaren likar.

Gamle Løvdahl har vore på straff. Javel. Men Ibsen veit ikkje nokon annan utveg enn flaska, so han gløymer. Han ser ikkje so langt at mannen kunde teke si straff, vendt seg burt frå sin gamle umgang, vorte eit anna menneske. Men nei, han må leva som slave under det han har gjort!

Ibsen vart aldri fri, difor er ikkje menneski hans frie heller. Hjå Ibsen er konvensjonane allmektige. Menneski er det dei er i samhøve med dei. Lever eller ikkje lever. At han sjølv sigra som diktar, var ikkje nok.

Han måtte sigra som besteborgar. Verta rik, få ærestitlar, medaljer, ordnar, gå klædd som diplomat eller grosserar – alt slikt han veit borgaren respekterar, stutt sagt: Anstand. Ibsen la seg etter statussymbol.

Dette er berre lause merknader – av ein som berre lausleg kjenner Ibsen. Det at so mange granskar han – ja, det skulde tyda på at han har mykje å gjeva.

Og likevel: Er ikkje Når vi døde vågner eit uppgjerd frå ein som gjeng ein rang veg? Nedveg? Vegen til alt kjøt. Ånd gjeng ein annan veg! Der lyt vera ei løysing, ei onnor løysing for ein mann i Rubek’s situasjon. Der er! Ikkje den mest flate, sjølvsagde! Etter konvensjonen. For seks-løysingi er òg vorti konvensjon, ei tom tru.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement