20. august 1963

Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.

Publisert

Jane Austen: Emma er ei vanskeleg bok, ei ga°tefull bok. Enda° ho kan synast enkel nok. Og i boki er det fyrst og fremst Emma som er forvitneleg, enda° her er andre menneske o`g som er meisterleg teikna. Men Emma er lodda fra° alle sidor, dei andre er gjevne med færre strekar, og da° serleg ved karakteristiske særdrag.

Far til Emma, Mr. Woodhouse, er alltid den same; han tenkjer berre pa° helsa og ro og likevekt i sinnet, dømer mildt um andre og er svært venleg og fyrekomande. Han er la°tteleg, men truskuldig.

Eit anna truskuldig godmenneske er Miss Bates, men ho er o`g i grunnen berre til a° læ av. Mr. Knightley er o`g ein type, den rike, sjølvstendige, kloke og fintenkjande godseigaren, han Emma vert gift med. Mrs. Elton, prestefrua er eit narr, og me er samde med Emma na°r ho gjer upp sin dom um henne.

Presten, Mr. Elton, er meir samansett, og den som kjem fram etter avslaget fra° Emma. Veninna til Emma, Harriet Smith, er tydeleg teikna, og eit hugtakande unggjente er ho. Den andre veninna, Miss Fairfaix, er meir pa° avstand.

Emma sjølv, rik arving og ung og ven og ga°verik, er sjølvsagt midtpunktet. Ho er byrg, kvass, gløgg, litt vondtenkt o`g, men ikkje meir enn dei fleste ga°verike menneske er. Ho er sjølvkjær og ærekjær, dømesjuk, mistenksam, og ikkje minst – ra°derik. Ho har det med a° skipa og ordna for andre, para folk i hop og slikt.

Det gjeng godt ein gong, men ho tek syrgjeleg feil med Harriet og ra°der henne ille. For Emma er snobbut o`g, og det til gongs, dette kjem svært godt fram i synet pa° «the yeoman» Mr. Martin. No var eit slikt syn pa° bonden svært vanleg i den tid, og Emma er barn av si tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement