Litteratur

25. august 1962

Publisert Sist oppdatert

Aasmund Brynildsen: Det nye hjerte. Essays. Av og til kjem det ut gode bøker her i landet òg. Helst skjønlitteratur. Essays og filosofi er sjeldsynt vare her. Her er ei bok, ei uvanleg bok.

Forfattaren prøver skapa ein syntese, eit grunnlag for nyorientering i liv og kunst. Ikkje med å setja fram eit nytt subjektivt livssyn, men ved å halda fast noko av det som han meiner er det berande og avgjerande for mennesket, den åndelege arv me har.

Mange er åndsfrendane til Brynildsen; Alf Larsen, Hohlenberg, Alf Ahlin, Werfel, ja, rekkja er lang.

Brynildsen si bok er som torevêr, ho er myrk og trugande, her er kvasse lyn, men ho reinskar lufti.

Skal eg samanlikna henne med noka norsk bok, lyt det vera med Den kongelige kunst av Alf Larsen.

Me har enno dei som held elden brennande. Brynildsen lyfter vår åndelege arv. Han har lese mykje, men det har mange. Men det er fåe som tenkjer yver det dei les, det er det som er saki.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement