Litteratur
5. desember 1962
Olav H. Hauge-dagbøkene: «I samanlikning med Rytter, vert Vogt og Wildenvey pasjelyrikarar.»
Teikning: May Linn Clement
Bokpakke frå Noregs Boklag, gåvebøker. Fyrst og fremst vil eg nemna den nye utgåva av Henrik Rytter. For ei herleg bok! Dette er den best gjenomarbeidde av utgåvone i lyrikkbiblioteket. Rytter hadde sjølv skipa samlingane fyrr han døydde. Og det er gut som har retta med hag og hard hand.
Det spørst um ikkje Rytter er den friskaste og friaste av dei fire store lyrikarane våre, og den som er mest miskjend. For ein diktar! Di meir ein kjenner til norsk og utanlandsk språk og litteratur, ser ein det! Eg skyna ikkje Rytter i ungdomsåri, anna stykkevis.
Um Rytter kan ein i sanning segja at han vov stor dikting av kavnorsk stoff, for å herma Nielsen. Det er gut som ikkje er redd norske ord! Og for meg valdar dei ingen vanske, eg kjenner dei, eg gler meg yver dei.
Ein les utanlandske diktarar – og det er bra og vel, men det trengst at ein gjer seg fri frå dei òg. Det har Rytter gjort. Han vart ingen slave av dei. Arbeidet med Shakespeare har lært han eitt og anna, ver du viss!
Nei, dei kunde dikta dei karane. Eg meiner Rytter, Aukrust, Uppdal og Ørjasæter. Skrede er den [som] har halde best på lina og arven. Vesaas og Bruheim er mjuke og fine lyrikarar, og det er òg norsk. Det kan vera stort det stillfarande òg. Men i samanlikning med Rytter, vert Vogt og Wildenvey pasjelyrikarar.
Desse fire store, dei har lagt svart etter seg, og det har vore tungt å skriva i nynorsk dikting etter dei. Dei yngre laut søkja andre vegar og prøva seg på andre måtar. Og det har dei gjort kvar på sin måte. I grunnen er det berre Skrede som har våga, eller vore modig nok, til å halda fram som dei stemnde. Han har greidt det. Men, – tidi er sikkert inne til å søkja halda fram sentrallyrikken att. Det kan gjerast på mange måtar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.