Litteratur
5. desember 1962
Meir um Henrik Rytter: Ein kan nok segja at Rytter er ein vanskeleg diktar, og ein lyt ha lese mykje stor lyrikk fyrr ein tek til å skyna han. Dertil lyt ein kunna norsk. Eg trur han har hatt den mest sprelske fantasi av alle norske lyrikarar.
Eg hugsar Edmund morbror. Ja, eg kjem i hug han. Han låg på sengi og deklamerte «Rabbi Ben Ezra» for meg. Det var gut som var heime i Robert Browning! Han hadde skrive hovuduppgåva si um Browning då han tok eksamen i engelsk ved The Lutheran Pacific Academy i Parkland. Kvart einaste dikt av Browning hadde han lese, uppatt og uppatt. Tri bøker kjende han ut og inn: Bibelen (King James), Shakespeare og Browning. Det vil ikkje segja so lite.
Det er no 25 år sidan eg las noko større av Rytter. Når eg no ser dikt av han att, so synest eg han har vakse. Det er ikkje ofte slikt hender.
Nei, eg trur ikkje eg skynar ungane no. Me tykte det var moro i bygde steinhus, samla på konglor, skjeljar og glasbrot, spela femstein og slikt. No skal ungane ha leikane «factory-made» med brikne farger. Eg trur ikkje eg duger til å skriva barnebøker.
Du fær ikkje kokt mat og steikte duvor skal du lesa Rytter. Gjeva seg yver til Gud – det er greidt nok. Men prøv litt sjølv fyrst. Realisme har «site bak ein stein» lenge her i Noreg, han har gjort seg til og vilja vore alt.
Rytter er den djervaste profeten i norsk litteratur og den mann som har gjenge den brattaste vegen. Diktingi, ja. Eg var teken av den i min ungdom. Og det kan godt henda eg skulde brukt meir av tidi i det arbeidet og hakka minder ugras enn eg har gjort. «A writer shall not dig,» segjer Emerson. Det høver ikkje med ein jarnstaur i eine neven og ein penn i hin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.