5. januar 1968
Olav H. Hauge-dagbøkene: Dostojevskij syner oss – slik me eingong er – at kjærleiken er noko anna, noko mykje meir samansett og mangfaldig og uutgrundeleg!
Meir um Dostojevskij. Det nye hjå Dostojevskij er hans analyse av kor komplekse og mangfaldige kjenslestrukturane er. Det som fyrr vart samanfata i einskilde sekkeord, som hat, kjærleik, vilje, ovund, fåfengd, skam o.s.b., er veldige rotnett av samanfløkte vasar.
Tenk på kjærleik hjå Dostojevskij! Det er ikkje kjærleik i tradisjonell meining, det er eit kompleks av tildriv, so manggreina og uforståeleg … av hat og vellyst, av kvide, rus.
Nett dette: Den klassiske diktingi syner oss kjærleiken slik han bør vera: sterk, sann, eining av alle kroppslege og åndelege krefter, ei samansmelting av tvo vesen, mann og kvinne. Dette vil eg kalla den tradisjonelle kjærleiken.
Me vert gjenom lesnaden av den gamle diktingi uppskula i den tru at slik skal ein elska, slik skal kjærleik vera, slik og ikkje onnorleis. Diverre ser me snart at dette ikkje stemmer, det gjeng ikkje slik, livet er ikkje, røyndi er ikkje slik. (Og mange Schiller-sjeler vert gåande utanfor all sin dag!)
Dostojevskij syner oss – slik me eingong er – at kjærleiken er noko anna, noko mykje meir samansett og mangfaldig og uutgrundeleg! Det segjer seg elles sjølv at det schizofrene menneske ogso må vera spalta i sitt kjærleiksliv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.