5. januar 1968
Olav H. Hauge-dagbøkene: Kom ikkje og seg at Dostojevskij ikkje var poet!
Dostojevskij forbannar europeisk kultur. Han gjorde det. Rasande slyngjer han ut si forbanning yver Vest-Europa. Det er plukkrote. Kristendomen, bokheimen, moralen, sedene. Framtidi er Russland under førarskap av Den russiske Kristus. Heilagt er Russland: «Førebels lyt kvart menneske bli russar.»
I sin fantastiske galenskap, i si forkynning, so yverdrivi, so paradoksal, liknar han Nietzsche.
Det er nett denne lidenskap, utan all fornuft, som gjer at me les dei. Hjå andre hadde slike vitlause tankar vore låttelege. For dei høver munkerolla, profettalen, svipa, dei er av Djengis Khans ætt. Konservative, reaksjonære. Berre milde ord for deira innstilling!
Har storm og lyneld medynk? Dei er samansette av tvo halvdelar: byrgskap og audmykt. Atter kontrastane. Polariteten. Du kan ikkje vera det eine utan å vera det andre med! Du kan ikkje vera god utan å vera vond. Det er livsens lov. Difor spottar og tilbedar vi i same no! Gud og Satan er same mannen?
Det er elles lite og inkje av byrgskap og sjølvskryt i Dostojevskijs verk, han berre rakkar ned på seg sjølv og klagar seg sjølv, det er på vegner av Russland og sin Gud han er byrg! Og ovmodig, rå.
«I de lyse nætter». Kom ikkje og seg at Dostojevskij ikkje var poet! Er det ikkje ein stor poet som har skrive denne novella, veit ikkje eg. Her ligg i alle fall tonen til ungdomen i 90-åri.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.