Bok

Å bu i dagleglivets museum

Mary Ruefle skapar om kvardagen i poesien sin.

Mary Ruefle er ein amerikanske poet, essayist og professor. For første gong er ho omsett til norsk.
Mary Ruefle er ein amerikanske poet, essayist og professor. For første gong er ho omsett til norsk.
Publisert

Mary Ruefle er ein prislønt amerikansk lyrikar og essayist. Diktsamlinga Dunce (2019), som no er gjendikta til norsk med tittelen Fjomp, har vekt mykje åtgaum mellom kritikarane. Ja, du høyrde rett: Til fjomp har Martin Ingebrigtsen på spenstig vis omsett tittelen.

I dei engelsk–norsk-ordbøkene eg har sett i, finst ikkje dette som oppslagsord. Ei autoritativ kjelde som Ola Raknes’ monumentale Engelsk-norsk ordbok har tydingane styving, tosk og tomskalle, men ikkje fjomp. Og Oxford American Dictionary definerer dunce som «a person who is slow at learning». Trass i alt vil eg seia at Fjomp fungerer på eit vis (kanskje er det tidas ånd) og gjev ein forunderleg dimensjon til boka. Visstnok er opphavet til ordet den skotske teologen John Duns Scotus og låtten tilhengjarane hans vart utsette for.

Humor har Ruefle mykje av, framført på ein fleirtydig og noko turr og lakonisk måte, som i «Den materielle eksistensens hell og lykke»: «Utan å rekruttere fleire folk/ i planleggingsfasen har eg bestemt/ meg for å ete frukost. Eg har utført forsiktige/ sonderingar, og endeleg funne ut at det er/ torsdag.» Det komiske ligg vel her i samanstøyten mellom det oppstylta byråkratisk-vitskaplege språket ho framfører, og noko så kvardagsleg som det å eta frukost. For som ho sjølv seier, bur ho i «dagleglivets museum».

Ord som er alvorlege i éin samanheng, kan fort verta komiske om dei vert sette inn i ein heilt annan kontekst. Kan skrifta hennar difor lesast som eit motspråk til maktspråket til dei mektige i samfunnet? Det er ikkje meint som eit retorisk spørsmål, og svaret vil nok vera eit stort ja!

Det å underleggjera og skapa om kvardagen er heilt vesentleg i poesien hennar, og omgrepet ‘poesi’ tyder nettopp ‘å skapa’ eller ‘skaping’: «Dei ville fjellblomstrane/ blomstrar i sin ville herlegdom/ Ansiktet mitt ein teiknestift/ i jorda.» Litteraturen er staden der slike skapingsakter kan skje, og truleg gjeld det særleg lyrikken, noko Mary Ruefle viser så klårt i skrifta si: «Kopimaskina blei lei av å kopiere,/ laga ein forferdeleg, sjuk lyd/ og døydde.»

Den store diktaren Charles Baudelaire såg ein parallell mellom den moderne diktaren og narren, mest av di diktaren kan sjåast på som ein anomali i det moderne samfunnet. Eg gjev att nokre vers frå Haakon Dahlens stilsikre utgåve: «For diktaren dyster, av slekta ein domar,/ helvetes yndling, ein narr utan mynt,/ gravstad og gledeshus viser bak blomar/ ei seng der orda om bot blei aldri forkynt.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement