Bok

Å drøyma seg heim

Gyrdir Elíasson viser oss at historisk kunnskap ikkje er å forakta.

Gyrdri Elíasson vann Nordisk råds litteraturpris i 2011.
Gyrdri Elíasson vann Nordisk råds litteraturpris i 2011.
Publisert

Islendingen Gyrdir Elíasson (f. 1961) blir rekna mellom dei fremste forfattarane i Norden, og attåt diktsamlingane har han gjeve ut ei rekkje romanar og novellesamlingar. Drøymevegring kom på islandsk i 2020 og er no framifrå gjendikta til nynorsk av Oskar Vistdal.

Det er vanleg å framheva at Elíasson førte ei ny form for individualisme inn i islandsk samtidslitteratur. Eit anna særtrekk er ambivalensen andsynes teknikkens framtidsvyar, noko ein finn spor av fleire stader i samlinga, til dømes i diktet «Framtid»: «Etter to års ferd/ landa vi på mars/ Då vi steig ut/ var alt raudgult,/ jamvel augo våre/ ‘Sjå elden der!’/ sa du og peikte på andletet mitt/ attom glaset».

Historie og natur

Vidare er det tydeleg at han hentar inspirasjon frå historia og naturen til det gamle kulturberande Island. Nedslag av det ser ein i fleire av dei mest verknadsfulle dikta i samlinga, og soleis viser han oss at historisk kunnskap ikkje er å forakta, for då ser ein at fortida heng nøye saman med notida, og betre bør finn ein knapt til å ta med seg inn i framtida.

Eit tankefullt dikt handlar om kunstmålaren Gunnlaugur Scheving og etablerer ein heimleg samanheng mellom målaren og miljøet hans: «Då eg køyrer over Selfljótsbrua/ minnest eg med eitt/ Scheving og barndomen hans/ her, og bukta utanfor blir plutseleg til eit bilete/ han måla.» Ein sunn skepsis til moderniteten og dei moderne levemåtane finn ein i Elíassons dikting, ofte skildra gjennom beisk ironi: «Havet er heilt daudt/ då eg skodar ut over det,/ mest som om bly/ er vorte tømt i det.»

Romantisk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement