Sakprosa
Å leve med krigen i kroppen
Ole Torp har skrive ei soge om ein kvardagshelt.
Nicolay Theodor Torp (1913–1998) var sjømann og krigssiglar. Boka som sonen har skrive, tek for seg krigsopplevingane som prega faren i 58 år.
Foto: Privat
Denne boka utvidar vår forstand. Det er inga tradisjonell «krigsbok». Vi tek del i måten krigsopplevingar i 58 år prega livet til ein stolt mann som klarte seg sjølv og var glad i familien sin og heimbyen sin.
Torp maktar å skildre personen han både var nær og måtte sakne i lange tider. Grepa han gjer for å formidle eigne kjensler, er velsigna indirekte og nennsame. Han forklårar at han lenge lite forstod, så var då emnet knapt omsnakkande i tiårsvis. Faren var òg, som andre sjøfolk, lange periodar til sjøs i resten av det yrkesaktive livet.
Sonen har lagt ned eit enormt arbeid i å dokumentere ut frå relevante, eksisterande kjelder. Denne vekslinga mellom usentimental, nøktern dokumentasjon para med resonnering og undring gjer at vi ikkje kan unngå å stige inn i ein medlevingsprosess.
Heider omsider
Forfattaren tangerer sensitive tilhøve med personlege minnekommentarar i bolkar sette opp i kursiv innimellom kapitla. Ved typografiens hjelp får vi høve til å stogge opp ved det uutseielege, i glimt av erindring og kontakt som oppstår mellom far og son etter som guten og mannen Ole utviklar seg. Slike moment er balanserte opp imot kjeldearbeidet.
Torp lyftar jamvel fram tyske kjelder om skipssjefen og ubåten som senka skipet faren var andrestyrmann på, den 22. august 1940. Slik får han plassert hendinga inn i krigsteatret; soga om faren vert prismet som syner eit komplisert hendingsmønster.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.