Teater
Å møte seg sjølv brutalt i døra
Sterkare, meir velspelt og meir aktuelt enn dette får du det knapt.
Maria Kristine Hildonen spelar skrankeadvokaten som blir offer for eit system ho sjølv har trudd på. Elisabeth Mørland Nesset står bak lydeffektane.
Foto: Lars Opstad
Vi høyrer stadig om det, og les om det, men lite skjer. Seksuelle overgrep mot kvinner gjer dei til tredoble offer. Først valden dei blir utsette for, dernest audmjukinga i retten og til slutt opplevinga av ikkje å bli trudd.
Så maktar ein australsk dramatikar og advokat på overtydande vis å demonstrere veikskapen i det rettsstaten held seg med, korleis jussens krav om konsistens gjer oss blinde for det aller viktigaste: rettferd.
Urettvist system
Vi veit, og har visst lenge, kor himmelropande urettvist systemet er, men alle slags omsyn har gjort at lite er blitt endra på. Men ei teaterframsyning på under to timar, der ein jurist møter seg sjølv så ettertrykkeleg i døra, gjer det klart at «På en eller annen måte så må det skje endring», som det heiter i stykket. Prima Facie bør vere obligatorisk for lovgivarane og heile rettsvesenet vårt når det no kjem opp på Nationaltheatret.
Det geniale ved Prima Facie (ein juridisk term som tyder «tilsynelatande» eller «ved første augekast») er at Tessa Ensler, den unge kvinna som blir råka av valden, har skapt seg ein karriere som skrankeadvokat ved å forsvare mannlege overgriparar og få dei frifunne – ofte ved å køyre det kvinnelege offeret «i senk» i rettssalen.
Så blir Tessa valdteken av ein overklassekollega. Brått er ho sjølv offer og må sjå at det systemet ho har trudd blindt på, og som langt på veg har gjort henne til den ho er, ikkje kan hjelpe henne. «Rettssystemet fikk meg til å se ut som en løgner», må ho erkjenne. Slik ho nådelaust har nytta det minste fnugg av tvil for å «ta» kvinner som krev rettferd, får ho no erfare kva det spelet ho beherskar så godt, kan gjere med eit menneske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.