Bok

Å skrive for å leve

Magnus Takvam prøver å forstå mor si og dermed lausrive seg frå henne.

Marie Takvam saman med sonen Magnus i Oslo våren 1954.
Marie Takvam saman med sonen Magnus i Oslo våren 1954.
Publisert

Tittelen på Magnus Takvams bok om mora Marie, Hun skrev for å kunne leve, spelar på den eine av dei to drivkreftene bak arbeidet med boka: å få meir kunnskap om moras liv, om oppveksten hennar og om dei åra ho var produktiv som forfattar. Kvifor vart ho forfattar, og kvar kom den store uroa i livet hennar frå, det sterke medvitet om døden, den sterke drifta etter å leve?

Det andre formålet er likevel viktigare, sjølv om det ikkje speglar tittelen. Men omslagsfotoet av barnet Magnus i moras arm gir eit vink: Det er forsøket på å forstå forholdet til mora og dermed lausrive seg frå henne, endeleg, no meir enn tolv år etter at ho døydde, 81 år gamal, etter mange år på institusjonar for mentalt sjuke, med diagnosar som Alzheimers sjukdom og ei bipolar sinnsliding som kanskje skreiv seg frå eit stort alkoholforbruk.

Magnus Takvam skriv, seier han, i en freistnad på «komme nærmere de svarene jeg aldri fikk av min mor mens hun levde». Han vil blant anna finne ut korleis han sjølv vart forma av det tette, kjærlege samspelet mellom mor og son i avgjerande barneår, og korleis alt endra seg med foreldras skilsmisse då han var 15 år, og det han oppfatta som moras svik. Han vart buande aleine med mora til han var ferdig med gymnaset, men den meir og meir sjølvdestruktive livsførselen hennar, med utsvevande kaféliv, alkohol og menn, førte til at han braut med henne. Brotet vart aldri heilt lækt. Boka er likevel skriven med kjærleik.

Bohemdronning?

Magnus Takvam har gått grundig til verks for å finne fakta om moras bakgrunn, oppvekst og vaksenliv. I tillegg til det han sjølv hugsar, gir skriftlege kjelder og intervju med vener og slektningar eit interessant og nyansert bilete av henne.

Ho vart godt likt for det sprudlande humøret og dei kvikke replikkane, der ho «heldt hoff» på ymse utestader, men alkoholmisbruket vart etter kvart eit større problem enn ho ville vedgå. Sonen meiner at ho laug for seg sjølv og lenge idylliserte eit tilvære på kanten av kaos. Sjølv kjem ho i liten grad direkte til orde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement