Å vera i klangen

Simonsen og Lysne fordjupar seg i mikrotonalitet og overtonar.

Komponistane Jo David Meyer Lysne og Peder Simonsen har henta impulsar frå samtidskomponistar som La Monte Young og Harry Partch.

Musikk

Publisert Sist oppdatert

Peder Simonsen (f. 1987) og Jo David Meyer Lysne (f. 1994) er komponistar som på denne plata framfører tre verk som dei sjølv har laga. Det er tale om komponistar som kan arbeida direkte med materialet utan å måtta gå vegen om noteskriving.

Musikken er stilleflytande, endringane skjer langsamt, og fokuset ligg på klang, mikrotonalitet (tonar som ligg mellom dei svarte og kvite tangentane på pianoet) og overtonar (det vil seia dei medklingande, knapt høyrbare tonane som kling i tillegg til hovudtonen).

Lysne har bakgrunn som jazzgitarist, men her går han nye vegar. Han har gjort ei omfattande utforsking av korleis ein e-bow kan brukast. Dette er ein elektromagnetisk dings som vanlegvis blir brukt til å forlengja tonane på elgitaren, og er mykje brukt i smektande rockesoloar. Men Lysne har gått grundigare til verks og byggjer jamvel sine eigne e-bowar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement