Ære og avmaktDebutant Zeshan Shakar skriv seg inn i toppsjiktet av norske debutantar med truverdige stemmer frå drabantbyen.

Debutant Zeshan Shakar skriv seg inn i toppsjiktet av norske debutantar med truverdige stemmer frå drabantbyen.

Zeshan Shakar skildrar oppveksten i eit sosio-kulturelt miljø i Groruddalen i Oslo.
Zeshan Shakar skildrar oppveksten i eit sosio-kulturelt miljø i Groruddalen i Oslo.
Publisert

Tante Ulrikkes vei

Medan vi enno berre snusar på det nye året, held oppsummeringa av det førre fram. Og ein roman det er verd å merkje seg frå 2017, er Zeshan Shakars Tante Ulrikkes vei. Her har vi ikkje berre ein sterk debutroman, men også kanskje den store, norske innvandrarromanen som med jamne mellomrom har vore etterlyst. Rett nok gav norskpakistanske Khalid Hussain alt i 1986 ut romanen Pakkis, som har vore mykje omtala og brukt i skuleverket. I 2015 gjorde Maria Navarro Skaranger lukke med nyskapande bruk av kebabnorsk i Alle utlendinger har lukka gardiner, og før jul skreiv eg om Marjam Idriss, som skreiv godt om ein einsleg asylsøkjar i Jannikeevangeliet.

Overtydande

Shakar er likevel den som best lever opp til forventingane termen «den store, norske innvandrarromanen», skaper. Ein term vi sikkert har henta frå ideen om «the great American novel»: Han gir oss ei episk skildring av oppvekst i eit berykta sosio-kulturelt miljø aust i Oslo, og illustrerer korleis klimaet for muslimar i Noreg endra seg etter terroren 11. september 2001. Samstundes skriv han fram noko universelt menneskeleg som folk i alle land kan kjenne seg igjen i.

Komposisjonen er bygd rundt eit enkelt, men effektivt grep: To norsk-pakistanske ungdommar fortel om livet sitt til ein forskar som skal kartleggje kvardagen til unge i Groruddalen. Den skuleflinke Mohammed, til vanleg kalla Mo, skriv e-post. Den meir ressurssvake Jamal snakkar inn på opptakskassettar. Dermed blir stilen deira svært ulik: Mo fortel korrekt, men personleg og nært om eit liv fullstendig dominert av ambisjonane foreldra har på hans vegner. Jamal tøysar, dramatiserer og rappar, i eit språk fullt av slang og grammatiske feil som har blitt markørar for kebabnorsk: «Jeg holdt på å komme på jailern ass. Wallah, jeg sverger. Liksom, for lenge sia jeg har fått sånn brev fra militæret at jeg skal komme på sesjon, men liksom, jeg har loka det helt ass.»

Slik teiknar Shakar personane fram gjennom språket, og spesielt det trassige humøret til Jamal er underhaldande og sjarmerande. Mykje av det som skjer i liva deira, er omtrent som ein kunne vente: Kolliderande normer heime og ute, møte med skuleverket, muslimsk trusfellesskap og ungdom frå vestkanten. Når Shakar likevel går klar av klisjeane, er det fordi han teiknar fram overtydande personlegdomar som ikkje først og fremst representerer ein bestemt kultur og religion, men er gjenkjennelege på tvers av slike skilje. Samtidig viser dei ulike måtar å takle utanforskap på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement