Film

Almodóvar vender tilbake

Med Smerte og ære har fargeklatten Pedro Almodóvar laga sin beste film på mange år.

Filmregissøren Salvador Mallo (Antonio Banderas) saman med Mercedes (Nora Navas).
Filmregissøren Salvador Mallo (Antonio Banderas) saman med Mercedes (Nora Navas).
Publisert

Salvador Mallo (Banderas), hovudpersonen i Pedro Almodóvars nye film, er ein eldre, litt matlei filmskapar. Han bur i eit stilreint, herskapeleg husvære i Madrid. Der har han isolert seg frå omverda, på grunn av dels kroppslege smerter, dels psykologiske. Framfor å jobbe med nye prosjekt har Salvador begynt å mimre om fortida og barndommen.

Med ein visuelt distinkt stil – sterke fargar og kitschelement, for å nemne noko – og tilbakevendande tema og motiv, har spanske Pedro Almodóvar fargelagt internasjonal film sidan debutfilmen (1980). Medan Spania vakna til live etter det undertrykkande Franco-regimet, starta Almodóvar frigjeringsprosjektet sitt: å lage film om dei skranglete typane i samfunnet, anten dei er kvinner på randa av nervøst samanbrot eller homofile og transseksuelle.

Personleg

Ein Almodóvar-film kjennest alltid personleg. Men Smerte og ære er nok det næraste han har vore ei samansmelting av eige liv og fiksjon. Det er openbert at filmen har klare sjølvbiografiske trekk – ein aldrande, homofil regissør i Madrid. Fortolka av Antonio Banderas blir karakteren Salvador Mallo også ein eigen figur. Banderas er strålande i rolla: komisk, melankolsk og nostalgisk, gjerne i éi og same scene.

Som i alle Almodóvar-filmar er plottet vanskeleg å gjengi utan å gå for mange vegar. På sitt beste, som her, evnar regissøren å dra handlinga i fleire retningar, men likevel snøre det elegant saman. Den finstemte rytmen gjer at filmen berre skjer med deg. Smerte og ære er ein meditasjon over aldring der humor og tristesse er uløyseleg knytte saman. I ei hysterisk scene sniffar Salvador kokain medan han snakkar i telefonen med ein fullsett kinosal som nettopp har sett Sabor, Salvadors åttitalsklassikar. I ein annan lekker montasje erkjenner Salvador at han ber til Gud når han har mykje smerte, men blir ateist så fort smerta avtar.

Melodramatikaren

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement