Bok

Angsten ved straffesparkmerket

Når ein skjønnlitterær forfattar fortel om avgjerande augneblinkar i verdas vakraste spel, blir resultatet bra.

Målvakt Taffarel strekkjer seg etter ballen som Kjetil Rekdal sette i mål i VM-kampen mot Brasil i Marseille tysdag 23. juni 1998.
Målvakt Taffarel strekkjer seg etter ballen som Kjetil Rekdal sette i mål i VM-kampen mot Brasil i Marseille tysdag 23. juni 1998.
Publisert

Fotballbøker er ein eigen sjanger. Eit søk på Amazon etter slike gjev 16.000 oppslag. Ei slik mengd er ikkje overraskande når vi ser på tre berømte sitat om spelet: «Av alle uviktige ting i verda er fotball den viktigaste» (Johannes Paul II), «Fotball er krig minus skytinga» (George Orwell), og sist, men ikkje minst kompetent: «Somme meiner at fotball handlar om liv eller død. Eg er særs skuffa over ei slik haldning. Eg kan forsikra at fotball er mykje, mykje viktigare enn det» (Bill Shankley).

Kvaliteten på fotballbøker er ikkje uventa varierande, men nokre få er på eit høgt litterært nivå. Til dømes har den same Shankley, innanfor undersjangeren managerbøker, fått eit meisterverk skrive om seg i Red or Dead av David Peace, medan Nick Hornby har skrive den ultimate supporterboka med Pitch Fever.

Nordmenn skriv òg fotballbøker. Og når no Nils Henrik Smith, som dessutan er skjønnlitterær forfattar med tre romanar og Tarjei Vesaas’ debutantpris bak seg, har skrive ei slik, må ein vel venta seg eit visst litterært nivå? Men eg går ut frå at han veit at lesarar av slike bøker er spesielle, ved at kvar og ein meiner å ha større kompetanse enn alle andre, inkludert forfattaren: Til dømes kan dei på 100 meters avstand sjå noko ein dommar ikkje ser på 2 meter. For supporterar er fotball 90 minutt med irrasjonalitet, noko som smittar over i fotballbøker. Smith sjølv demonstrerer dette ope når han fortel om straffesparkkonkurransen i VM-finalen mellom Brasil og Italia i 1994. Han ønskjer at Brasil skal vinna, men han ønskjer òg at italienske Baggio skal skåra på straffesparket sitt, det som gjekk over, og som gjorde at Brasil vann.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement