Litteratur

April/mai 1979

Olav H. Hauge-dagbøkene: «Litt tåke og yr. Seinare fint vêr. Til Willanow, sumarresidensen som Jan Sobieski bygde. Eit stykke sunnanfor Warszawa.»

Publisert

Tur til Polen 2: Litt tåke og yr. Seinare fint vêr. Til Willanow, sumarresidensen som Jan Sobieski bygde. Eit stykke sunnanfor Warszawa. Stor park, dammar. Barokkhage. Jau, det var mykje fint å sjå der. Imponerande samling med polske portrett av kongar, dronningar, fyrstar og andre store menn. Det vart skadt, dette slottet òg, i siste krig, men er i stand att no.

Etterpå såg me oss um i etnografisk museum. Mykje fint der, og godt ordna. Um kvelden gjekk me ein tur i gamle staden. Folk gjekk seg kveldstur i store flokkar, alle matstovone og vinstovone var fulle av folk.

Kyrkjone var opne, og me såg inn i mange. I ei kyrkje, det var St. Anna, gjekk me inn. Der førde dei fram eit skodespel, med bibelsk emne, prelatar i staselege skrud og vanlege arbeidarar var med i spelet. Heile kyrkja var fullstappa av folk; me forstod sjølvsagt ingen ting av det dei sa, men gripande var det. Orgel og andre musikkinstrument fall inn no og til.

23. april: Dei fleste samlingar stengde i dag. Men eit lite museum ved Kilinski-monumentet var ope. Gamle klokkor og finare handverk. Eit lite fint museum. Um kvelden på ei operaframsyning, eit syngjespel av Haydn. Fint. Forstod ikkje eit ord. Elles ordna med flybillettar heim og gjort upp for oss her på hotellet, Orbis. Hotell Europeiska. Innfløkt og umstendeleg.

24. april: Reiser i dag til Krakow. Tok fly. Vart granska, pass og visum laut fram.

Eg trur ikkje eg fekk mitt att, det vil segja visum, for eg sakna det då eg kom til hotellet i Krakow, dei spurde etter det. Eg leita, fann det ikkje og vart ille ved.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement