Musikk
Arkivet: Bacon Fat
Andre Williams voks opp på Southside Chicago, og etter skuletid jobba han i Cadillac Bob’s Steakhouse, der jukeboksen serverte siste nytt i doowop og jump blues.
Slik blei han ei rhythm & blues-legende med slesk snakkesyngande vokalstil, forteljande gettotekstar i rytmisk signifyin’ jive og danserutinar som fekk komikaren Red Foxx til å døype han «Mr. Rhythm».
Han skreiv hundrevis av songar om gettolivet: dansing, soul food og gangsterar, som han framførte, medverka på eller produserte. På legendariske Fortune Records i Detroit gav han ut noveltyklassikaren «Bacon Fat».
Songtittelen kom til han i bilen på veg til spelejobb i Memphis, mens han åt ein feit egg og bacon-sandwich. Han såg bomullsplukkarane langs vegen og tenkte: «Say man, we’re glad to see you back/ we got a new dance called the Bacon Fat!»
Mest royalties kom frå «Shake a Tail Feather», som vokalgruppa The Five-Du-Tones råka tidsånda med i 1963, Ike & Tina Turner brukte til å varme opp publikum og Ray Charles overgjekk seg sjølv med i Blues Brothers i 1980.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.