Musikk
Arkivet: Barney Kessel og Bjørge Lillelien
Nyleg blei 100-årsdagen til den legendariske jazzgitaristen Barney Kessel feira av Oslo Jazz Circle på Victoria Nasjonal Jazzscene.
Barney Kessel (1923–2023).
Foto via Wikipedia
Nyleg blei 100-årsdagen til den legendariske jazzgitaristen Barney Kessel feira av Oslo Jazz Circle på Victoria Nasjonal Jazzscene. Styreleiar og mangeårig Kessel-fan, Sverre Lunde, foredrog lett og ledig med jazzhistorisk overblikk, stills og videosnuttar.
Mannen som introduserte Lunde til Kessel på 60-talet, var Bjørge Lillelien, som spelte plater under skisendingane på NRK. Då Lunde fekk høyre dei leikande akkordskifta i «April In Paris» frå Barney Kessel-albumet Easy Like, blei han fan for livet.
Barney Kessel voks opp i tronge kår i Oklahoma. Familien var ungarske immigrantjødar. Barney øvde døgnet rundt på gitar heilt til han fekk betalte jobbar. I 1940 spelte han i Oklahoma by, heimbyen til sjølvaste Charlie Christian, berre seks år eldre og alt det store geniet og innovatøren på elektrisk gitar. Christian var på konserten og inviterte på jam. I 1942 døydde Christian av tuberkulose, og Kessel blei arvtakaren hans, då han etablerte seg i California og spelte med alle dei store – inkludert Charlie Parker – i overgangen frå swing til bebop. I tillegg blei han studiomusikaren alle vil ha, frå Julie London til The Beach Boys.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.