Aukrusts todelte verd
Anders Heger har sett saman ein jubileumsantologi som gjev godt oversyn over Aukrust-verda.
Kjell Aukrust ved arbeidsbordet i Oslo i 1977.
Foto: Oddvar Walle-Jensen / NTB scanpix
Sidan andre verdskrigen har Noreg vore så heldig å ha hatt tre store og folkekjære teiknar–forteljarar, altså slike som var like framståande både som teiknarar og som forteljarar, og som fekk desse uttrykka til å samvirka på forsterkande vis. Dei illustrerte forteljingar og fortalde teikningar: Torbjørn Egner (fødd 1912), Fredrik Stabel (fødd 1914) og årets 100-årsjubilant Kjell Aukrust, som vi feirar den 19. mars. I jubileumshøvet har forlaget til Aukrust, Cappelen Damm, som har slukt det opphavlege forlaget hans, Helge Eriksens forlag, gjeve ut ei jubileumsbok redigert av Anders Heger, som skal gje eit oversyn over Aukrusts produksjon, eller som tittelen seier, hans verd: ein Aukrust-antologi. Rett nok er flest sider vigde tekstane. Aukrust hadde òg ein sjølvstendig karriere som biletkunstnar, med både målarstykke – sjølv om han var fargeblind – og teikningar av gardar liggjande i åssider. Ikkje ulike slike Egner laga. Aukrust tente dessutan pengar på å laga idylliske julekort som i dag går for opp mot 20.000 kroner.
Realisme og fiksjon
I Aukrusts tilfelle er ordet folkekjær meir treffande enn i mange andre tilfelle. Denne meldaren er så gamal at han hugsar korleis det var i fedranelandet då Aukrust slo igjennom, eller vart «sleppt inn», for å referera til tittelen på sjølvbiografien hans «Slipp ham inn» (1979). Då Simen kom, i 1958, var lufta plutseleg full av Aukrust-sitat blant klassekameratane, der det mest populære var «Simen gjorde mye rart – en gang gjorde han i brønnen». Og to år etter sat dei vaksne og lo over Folk og Fe, denne gjennomteikna parodien på ei bygdeavis frå heimtraktene til Aukrust. Og deretter las hundretusenvis, både vaksne og barn Bror min, oppfølgjaren til Simen. I 1962 kom dessutan Flåklypa Tidende, oppfølgjaren til Folk og Fe, og i 1964 Bonden, avslutninga på den sokalla Alvdalstrilogien.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.