Musikk
Backstreet er tilbake
Boybandet over alle, Backstreet Boys, er i vinden for tida.
Konsert
Backstreet Boys-medlemmet AJ McLean briljerte som drag queen i RuPaul’s Secret Celebrity Drag Race sesong 2. Vultures, det komande albumet til Kanye West og Ty Dolla Sign, startar med låta «Everybody», komponert med utstrekt bruk av samplingar frå Backstreet-songen «Everybody».
Diverre har Vultures blitt utsett ei mengd gonger på grunn av problem med å skaffe rettane til den utstrekte bruken av samplingar på albumet. Heldigvis kan tørsten sløkkjast: backstreetboyen Nick Carter er på turné, og konsertane blir sende på nettstaden Veeps.com. Natt til onsdag gjekk konserten i Mexico by av stabelen.
Gildet opnar med den kjende og kjære «Larger Than Life», ein song som resonerer med den kritiske perioden vi lever i. «Kan de ikkje forstå, folk, korleis livet dykkar påverkar røynda vår?» Rett nok er det storkapital og global politikk som står ansvarlege for utmaningane verdssamfunnet står overfor, men så kjem den oppløftande beskjeden til fellesskapet: «Og det gjer dykk større enn livet sjølv.» Dette vert følgt opp av den første av mange coverlåtar: Europes «Final Countdown». Det apokalyptiske temaet understrekar at Carter er medviten om at vi balanserer på eit vippepunkt.
Tears For Fears’ «Everybody Wants to Rule The World» gir eit frampeik mot det som ligg i vente for oss alle ved enden av konserten, og i ein hardrock-sekvens briljerer Carter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.