Film
Basert på ein draum
Patos og propaganda balanserer sånn passeleg med vakker natur og kultur.
Sherab Dorji spelar læraren Ugyen som skal undervise born i landsbyen Luana i dei bhutanske fjella.
Foto: Selmer Media
Bhutan, tidleg 2000-tal: Ugyen (Dorji) har gått lei av lærarlærlingtida og vil hoppa av for å bli musikant i Australia. Han blir overtalt til å ta siste innspurt på den mest avsidesliggande landsbyen i verda, Lunana: seks døger å gå frå hovudvegen, 56 innbyggjarar og ein handfull ungar som no og då får skulegang – om nokon vil undervisa dei. Og så Saldon (Gurung) og songen hennar, då.
Opplagt
Det er litt av nokre bilete som blir rulla opp i Skolen ved verdens ende. Landskapet i dei bhutanske fjella er mildt sagt overveldande – bratte tindar som får den norske fjellheimen til å verka puslete. Då Ugyen klagar på at han ikkje vil vera vikarlærar i Lunana, spør den strenge inspektøren hans om han eigentleg er bhutanar – har han eit attitude-problem eller eit altitude-problem?
Eg har eit problem med såpass opplagde skjemt, men det er samtidig eit interessant blikk på kulturen i Bhutan – at ein ofrar seg for staten, ein ofrar seg for samfunnet. Klart ein skal bli lærar! Visstnok har emigrasjonen til Australia blant unge bhutanarar vore enorm, så på eit vis kjennest filmen noko propagandaprega, ei påminning om at lukka er i Bhutan og ingen andre stader.
Klisj-klæsj
Ugyen er ganske fjern, han er meir oppteken av ipoden og mobiltelefonen enn av naturen. Så fjern er han, at ein kan lura på om han i det heile tatt kjem til å skjøna kor spesiell og fantastisk songen til unge, flotte Saldon er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.