Film
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Etter traumatiske barndomsminne i eit spøkelseshus på landet har Lydia (Ryder) brukt bakgrunnen sin på beste kommersielle vis, som programleiar for noko tilsvarande underhaldningsserien Åndenes makt.
Men så dukkar sjølvaste hovudtraumet hennar opp, akkurat når både faren døyr og dottera Astrid (Ortega) er i ferd med å koma over tapet av far sin. Tilbake i huset på landet er det berre å innsjå: Beetlejuice (Keaton) er tilbake med full, ufyseleg styrke.
Tim-jus
Betelguese (frå arabisk lbt-al-djausa) er namnet på ei av dei mest lyssterke stjernene på himmelen, ei raud kjempe i stjernebiletet Orion. Kvifor Tim Burton valde dette namnet, veit eg ikkje, men at det høyrest ut som billejus på engelsk, er vel meir enn god nok grunn. Det vil seia, det gjev meining om du såg den fyrste Beetlejuice-filmen (1988), ein skrekkfest av den fantasifulle og leikne sorten.
Tim Burton gjorde seg til goth-regissøren over alle og følgde opp dei neste par åra med både Batman (1989) og Edvard Saksehånd (1990). Det var gjennombrotet for Winona Ryder og for komponist Danny Elfman, som kanskje er mest kjend for musikken til Et førjulsmareritt, som også er skriven av Tim Burton (men ikkje regissert).
Beetlejuice var fyrst og fremst Michael Keatons tumleplass, som den galne, irriterande, sjølvsikre, fæle, men også ellevilt sjarmerande hamskiftar-demonen. Kan han fungera i ein oppfølgjar 36 år seinare?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.