Kunst
Bergkunst i fare
På virtuellevingen.no kan du granske dei mange helleristingane i Vingenfeltet. Nettstaden er utarbeidd av Universitetsmuseet i Bergen og Arkikon AS, med støtte frå Riksantikvaren.
Foto: Universitetet i Bergen
Helleristingar er dei tidlegaste visuelle uttrykka vi kjenner til i Noreg. I fleire tusen år brukte menneske store ressursar på å hogge figurar i stein, former som er synlege den dag i dag. Her ser vi dyr og menneske rissa effektivt opp i ein sterkt forenkla stil.
Det er spennande å oppsøke felt med helleristingar og studere måten figurane vart komponerte for å harmonere med bergflatene dei vart hogde inn i. Mange av figurane har stor visuell kraft, berre sjå korleis figuren frå Vingenfeltet i Bremanger dannar essensen av eit menneske.
Vingen er eit av dei største helleristingsfelta i Europa med over 2200 figurar. Framleis gøymer truleg endå fleire figurar seg under torva i dette store feltet. Bilda stammar frå siste del av eldre steinalder. Vingenfeltet er så godt som urørt av moderne inngrep, noko som gjer det ekstra verdifullt, eit fascinerande kikhol som lèt oss få glimt av menneska som levde her for meir enn 6000 år sidan.
Landskapet som ristingane er laga i, er såleis med på å hjelpe oss å lære meir om korleis steinalderfolk levde og tenkte. Vingen var nok ein særs viktig stad, kan hende ein heilagdom. Her var også ei trekkrute for hjort som må ha hatt mykje å seie. Denne unike kombinasjonen av kulturhistorie og eit intakt naturmangfald er utruleg nok truga av noko så prosaisk som eit steinbrot.
Regjeringa har sagt ja til å opprette eit steinbrot med utskipingshamn berre nokre få kilometer frå Vingenfeltet. Alle faginstansar frårår dette brutale inngrepet, men talar for døve øyre. Vanvitet har skapt internasjonal merksemd, mellom anna hadde både The Guardian og det nettbaserte kunstmagasinet artnet.com store oppslag om vandalismen i mars i år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.