Musikk
Blåklokkeklart
Duoen Siril Malmedal Hauge og Kjetil Mulelid tolkar og lagar standardlåtar.
Kjetil Mulelid og Siril Malmedal Hauge.
Foto: Eirik Havnes
Samarbeidet mellom dei to musikarane har strekt seg over ti år, men ikkje primært i duoformatet. Det var først i fjor vår at ideen om ei slik plate byrja å materialisera seg, med god fødselshjelp frå det japanske plateselskapet Blue Gleam.
Nytt og gammalt
Repertoaret er tredelt. Fem låtar er det me kan kalla jazzstandardar, tre låtar er henta frå rock- eller pop-universet og tre har dei skrive sjølve. Likevel har repertoaret både tekstlege og musikalske fellestrekk. Kjærleikens vilkår går att som tema, og uttrykket er gjennomgåande prega av melankoli. Unntaket er den dystre og surrealistiske «Cherry-Coloured Funk» av det skotske kultbandet Coctau Twins.
Arrangementa er enkle med lite effektar og berre eit par døme på stemmepålegg. Solistane har ei avgrensa, men effektiv rolle. Øiseths bukkehornkor på Reid/Shamblins «I Can’t Make You Love Me» gjev ei langt sterkare avslutning enn Bonnie Raitts, i den elles så fabelaktige innspelinga hennar frå 1991.
Eviggrøn kvalitet
Siril Malmedal Hauge syng vart og til tider med ein diskret vibrato. Sjølv om pianokompet ved eit par høve er både sterkt og utbrodert, er ho krystallklart til stades.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.