Blautkokt L.A.-krim
Finurleg forteljeteknikk og dunkelt filmspråk forsterkar det Destroyer ikkje er: ein smart sjangerfilm.
Nicole Kidman er hardt sminka som politietterforskaren Erin.
Foto: Sabrina Lantos
Destroyer er ein pretensiøs og sjølvhøgtideleg krimthriller som vekkjer meir åtgaum på grunn av Nicole Kidmans forvandling enn substansen i forteljinga. Bak eit tonn av lite flatterande sminke speler Kidman rolla som Erin Bell, ein drikkfeldig etterforskar i Los Angeles-politiet.
L.A.-noir-tematikken er tydeleg frå starten av: Dette er eit Los Angeles langt unna Hollywood-glamouren. I opningsscena får vi eit nærbilete av Erin som vaknar opp i bilen medan sola steiker. Litt sjanglande spankulerer ho bort til ein åstad. Der ser ho eit lik som vekkjer henne: Ho veit kven drapsmannen er. To andre etterforskarar viser oss kor lågt på strå ho er i eigne rekker, som for å seie: Dette skal bli ein einsam jobb.
Filmen begynner gradvis å grave i fortida til Erin – fortald gjennom flashbacks – der alkoholismen, det mutte andletet og livsskjebnen hennar blir utbroderte. Det ferske drapet knyter ho til ein gammal kjenning, Silas (Kebbell), ein bankranar som Erin og den avdøde partnaren Chris (Stan) ein gong prøvde å fakke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.