Musikk
Blomar og kjæledyr
Cassandra Jenkins har laga ein verdig oppfølgjar til det kritikarroste albumet frå 2021.
Cassandra Jenkins sleit seg ut på turnear i kjølvatnet av det førre albumet ho gav ut.
Foto: Pooneh Ghana
Er dei første sekunda på eit album viktigare no enn nokon gong før? Det er lett å gå vidare til noko anna om ikkje det ein høyrer, i tilstrekkjeleg grad maktar å fange merksemda. Du skal likevel ha ganske knapt med tid for ikkje å la deg gripe av anslaget på My Light, My Destroyer, den nye plata til Cassandra Jenkins – i alle fall om du er av typen som prøver å få med deg kva artisten faktisk prøver å formidle, i ord og tone, og ikkje berre brukar musikk som bakgrunnslyd.
«I think you’ve mistaken my desperation for devotion», heiter det i den aller første verselina på «Devotion», over ein enkel kassegitar. Vi snakkar om ei misforståing som potensielt gjer at alt kjem skeivt ut, presist og sårt skildra av balansekunstnaren Jenkins, idet ein ståbass tek til å klatre rundt i songen, slik han i si tid gjorde det på Van Morrisons Astral Weeks (1968) – og eg er fanga.
Gløden tend att
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.