Musikk
Bluesen om Louis
Historia om Louis Armstrong kan aldri verte ferdig fortald.
Louis Armstrong (1901–1971) var trompetist og songar.
Foto: Apple-TV+
Kan mitt aller første møte med jazzen ha vore trompeten og røysta til Louis Armstrong (1900–1971) ein gong i barneskulen i 1980-åra? Då yngstesonen kom heim frå skulen her for noko sidan og hadde høyrt Armstrong i ein time, prøvde eg å grave fram stunda frå minnet.
Sjølv har gutungen høyrt Armstrong fleire gonger før, i musikken til animasjonsfilmar som Wall-E (2008) og Finding Dory (2016), slik at lyden av artisten så å seie var lausriven frå biletet av han.
Eg for min del kan ikkje høyre Armstrong utan også å sjå føre meg det så ofte resirkulerte biletet av han, sveitt og smilande, med trompeten i hand – som eg først fekk sjå frå skulebenken.
Framstillinga er ladd av ikonisitet – berre prøv å google «jazz» og sjå sjølv. Armstrong er ofte mellom dei første artistane ein får høyre når ein vert introdusert for jazzmusikken – slik var det i 1980-åra, og slik er det også i dag, med mannen Duke Ellington ein gong kalla «the epitome of jazz». Leit fram eit oppslagsverk – til dømes The New Encyclopedia of Southern Culture – og du vil finne formuleringar som plasserer Armstrong som sjølve «biletet av den erketypiske jazzmannen» (som det heiter i nett det verket).
Nyansert
Det inneber sjølvsagt ikkje at historia om Louis Armstrong er ferdig fortald – snarare tvert om, noko haustens dokumentarfilm om han, Louis Armstrong’s Black & Blues, demonstrerer godt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.