Bok

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.
Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.
Publisert Sist oppdatert

Ønskjer du å forstå kvifor Noreg vart ein del av andre verdskrigen? Då kan du lese Svein Egil Omdals 1936. Året då alt skjedde. Omdal skriv at «i 1936 tvilte ingen bevisste nordmenn på at den neste store krigen var på veg».

Boka er delt inn i 12 kapittel – 12 månader. Alt føregår slett ikkje i 1936. Historia handlar om tida frå Adolf Hitler vart rikskanslar i 1933, men hovudtemaet er sjølvsagt året 1936. Omdal skriv mellom anna om den kontroversielle fredsprisutdelinga til Ossietzky, Halvdan Kohts frykt for å trakke Hitler på tærne, kong Haakons dårlege forhold til Arbeidarpartiet, Trotskijs omdiskuterte asyl, det sensasjonelle bronselaget og Sonja Henies beundring for Hitler.

Sov i timen

Den tradisjonelle oppfatninga om at angrepet på Noreg 9. april 1940 kom som lyn frå klar himmel, er motbevist i fleire bøker. Omdal viser til Aftenpostens førsteside sist i januar 1936: «Kommer den nye verdenskrigen i 1937 eller i 1938?»

Politikarane sov i timen i aprildagane 1940. Omdal argumenterer for at dei sov i åra før 1940 òg. Då redaktør Carl von Ossietzky fikk fredsprisen i 1935, valde utanriksminister Halvdan Koht å trekke seg ut av Nobelkomiteen. Det var ingen god idé å provosere Hitler meir enn høgst nødvendig, meinte han. Den gongen Koht vart tilbydd å bli utanriksminister, sette han som føresetnad at regjeringa ikkje skulle boikotte tyske varer og tyske idrettsutøvarar. Dette stod i strid med planane til Landsorganisasjonen og Arbeidernes Idrettsforbund.

Den same haldninga hadde Koht overfor borgarkrigen i Spania. Noreg skulle ikkje på nokon måte bidra i kampen mot fascismen eller nazismen. Omdal skriv at Haakon Lie fekk «utslett av regjeringens nøytralitetslinje». Ifølgje Koht meinte Lie at nøytralitetslina var «forbrytersk» naiv, og om «vi ikkje væpna oss imot fascistmaktene, så ville vi vere dei fyrste som vart skotne når fascistane (dei tyske) hærsette landet vårt – og vi fortente det!».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement