Bok
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Somme er motstandarar av metaperspektiv i litteraturen, men i dag skal me ta meta på alvor. Denne bokmeldinga ville ha med ei slik samanstilling, me ta og meta, for å mate og mette, men ikkje mute, teksten med myte og metode.
Nei, bokmeldinga vil ikkje, ho held fram annleis, med å nemna at Kolons kolofonist har skrive både boken og fremstilling på kolofonsida, som elles ser ut til å vera på nynorsk. Eller er det berre ein draum?
Velskrive og vittig
Draumane er elles mange i denne smarte, velskrivne, vittige og menneskekloke boka, der me møter den 49 år gamle forfattaren Helga Mork, i bygda Volke, i eit hus med ei flyttblokk til granne, altså ein diger stein som isen ein gong har hatt med seg. Helga har sonen Mattis over seks hundre kilometer borte, han er kjærast med Lavinia (eit lukkeleg val?), som Helga ser ublidt på, som var ho eit takras, tenkjer eg. Ho kommuniserer elles elektronisk med ei Irina, og lyfter no og då ei hand og helsar til Hervor, som driv ein campingplass.
Ei stund er romanen, som nemner seg sjølv som roman, berre kulissar ikring ein brødristar, medan me ventar på at ei brødskive skal spretta opp, men ho skal diverre ikkje nyttast som leirdue. Derimot hender det noko i huset på den andre sida av flyttblokka, eit forfattarpar flytter inn, Christina og Even Albert frå Telemark, via London. Og det er jo ikkje bra. Helga Mork har vore den einaste forfattaren i Volke. Ho vil ikkje ha andre av det slaget der. Men etter litt tenking og formulering av motvilje og mistruisk metaperspektiv vert ho snart forelska i Even.
Draumetyding
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.