Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Dansen kring børskalven

Boka skildrar jobbetida, brørne Blystad og krakket i 80- og 90-åra, men utan malurt og djupare refleksjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oslo-ordførar Marianne Borgen ønskte velkomen til feiringa av Oslo Børs’ 200-årsjubileum i Oslo Rådhus 11. april i år.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

5276
20190628
5276
20190628

Sakprosa

Camilla Brautaset, Gunhild J. Ecklund og Lars Fredrik Øksendal:

Børsen. Markedsplass og møteplass 1819–2019

Universitetsforlaget

Børsen rundar to hundre år og feirar det med å gje ut si eiga historie. For folk flest er dette ei ukjend eller i alle fall ei dunkel soge, knytt til børsskandalar, Bør Børson, jobbetid og grunnrike jyplingar med tvilsam forretningsmoral. Men då Børsen vart grunnlagd i 1819, var han ein av mange grunnsteinar i den nasjonale gjenreisinga. På same måten som landet trong eit finansdepartement, ein eigen valuta, ein eigen nasjonal bank, eit universitet og ein liten hær av trufaste embetsmenn, trong det ein møteplass og ein marknadsplass for handelen.

I to hundre bølgjande år har Oslo Børs vore livs levande, og historikarane Camilla Brautaset, Gunhild J. Ecklund og Lars Fredrik Øksendal har skrive ei lettlesen og informativ bok om desse åra. Det var mektige menn i statstenesta og handelslivet som tok initiativet. Nicolai Andresen frå Sønderjylland sat på Stortinget og var reiar, handelsmann og bankier i den nye hovudstaden. Det var også Johannes Heftye, ikkje nemnd i boka, sentral aktør likevel. Likeins må ein tru at finansministeren, Herman Wedel Jarlsberg, som stridde slik for å få lån frå utlandet, hadde ein finger med i spelet.

Veksels- og valutabørs

Den første Børsen var ein veksels- og valutabørs, der folk selde og kjøpte vekslar og handla med pund, franc, mark og spesidalar. Vekslane, det vil seie gjeldsbreva, var sentrale betalingsmiddel, og fleire bankierar tente seg styrtrike fordi renta var høg og etterspurnaden skrikande i eit land der ein skulle bygge opp skipsflåten, reise sager og møller, utvikle gruvedrifta, kjøpe inn spinnemaskiner og vevar, utbetre vegane og mykje anna.

Camilla Brautaset fortel levande om den internasjonale krisa som i 1857 skapte dramatikk på Børsen og i gatene i Christiania, og både ho og medforfattarane dreg fargerike og spanande profilar inn i forteljinga. Politisk strid og kunstnarliv høyrer med, og den økonomiske børskarusellen er da også kjent frå verk av Ibsen, Bjørnson, Hamsun og Borgen.

I 1880-åra begynte ein å omsetje obligasjonar og aksjar på Børsen. Det var Nicolay August Andresen og bankieren Severin Christian Andersen som tok tak for ein fondsbørs. I 1881 vart han fødd, men først i 1899 slo den første spekulasjonsbølga inn i kafeane i byen, og etterspurnaden etter tomter og bygardar var grådig.

Børsen har hatt mange oppgåver. Den store attraksjonen på børsen i Porto er mellom anna tribunalet, rettssalen, der finansmennene fekk løyst tvistane sine, som det sjølvsagt er mange av i forretningsverda. Slike domstolar hadde Oslo Børs og dei fleste andre børsar òg. I Børsen var det dessutan varesal, bibliotek, konsertar og møtesal for mange av dei ulike foreiningane i byen, og ikkje minst var det ein stad der informasjonen fløymde inn og ut.

Vi hugsar frå vår ungdom dei daglege børsnoteringane på Oslo Børs, som summa monotont og kjenslelaust ut av radioapparata. Likeins minnest vi dei elleville visene om børsbaronane under jobbetida, fremst blant dei Christan Hannevig. Tida er tatt på kornet av Kristian Fredrik Brøggers i boka Gullfeber, der forfattaren skildrar korleis spekulantane strøymde til Børsen og stod i kø med gullglans i auga, slik at meklaren ikkje kom fram gjennom svermen av jobbegalne menneske, oppstasa visegutar og andre nyslegne pengematadorar.

Biletet av ein naudsynt, kommersiell og samfunnsgagnleg marknadsplass er overtydande teikna i boka, medan Børsen som ein sosial separator er heller magert utdjupa. Men det høyrer med til soga at Børsen tvillaust produserte aukande skilnader og inspirerte folkehugen til å danse ikring gullkalven, noko vi gjerne gjorde i ei tid der andre guddomar vart gøymde på loftet.

Barn av si tid

Børsen har alltid vore eit barn av si tid. Børsbygningen frå 1829, i nyklassisk stil, vitnar om den doriske stabiliteten som ein ønskte i den nye staten. Telegrafen i 1850-åra moderniserte takten og rytmen i omsetninga og nyheitsformidlinga, som alltid har vore vital i Børsens historie, med leserom, aviser og tidsskrift, der meldingar nå strøymde raskt inn frå heile verda.

Radioen i 1920-åra auka omdreiingsfarten, medan sentraliseringa, urbaniseringa og moderniseringa gjorde marknadsplassen einerådande. Medan det heilt frå starten og like inn i 1960-åra eksisterte børsar i dei fleste store norske byane, har Børsen rådd åleine dei siste 50 åra.

I 1980-åra vart Børsen omskapt til eit aksjeselskap og frigjord frå statsmakta på same viset som andre institusjonar. I dag er han på vandring ut av landet, eigd av eit internasjonalt finanskonsern, som vil halde til i anten Brussel eller New York. Børsen vil likevel leve det daglege livet sitt i Oslo, og ettersom Noreg nå er vove intimt inn i det internasjonale handelsnettet, vil eit utanlandsk eigarskap berre etterlate eit lite og umerkande stikk i fåfengda til dei mest nasjonalhuga av oss. Dei fleste vil nok gle seg over at pengemaskina er vorten verdsborgar. Vi kan i alle fall vone på det.

Karsten Alnæs

Karsten Alnæs er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Børsen har alltid vore eit barn av si tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis