Bok
Den vitruviske mannen
I 1420-åra vart Italia råka av eit arkitekturopprør. Det teoretiske grunnlaget vart henta frå romaren Vitruv.
Leonardo da Vincis teikning av «den vitruviske mannen» er ein illustrasjon av Vitruvs utgreiing om det matematiske tilhøvet mellom kroppsdelar.
Foto via Wikimedia Commons
Opprørarane kravde at ein skulle vende attende til det formspråket romarane hadde nytta over tusen år før, i ei tid med heilt andre tekniske og sosiale føresetnader. Det var eit reaksjonært prosjekt, og det underlege er at det lukkast.
I ettertida er det kjent som den italienske renessansen, og han la grunnlaget for europeisk kunst og arkitektur dei neste fem hundre åra.
Proporsjonar
I Italia var det ikkje vanskeleg å finne førebilete for den nye arkitekturen, sidan mange romerske byggverk var så solide at dei framleis stod etter meir enn tusen år. Derimot vanta det på teoretiske verk frå romartida. Det einaste ein hadde, var Vitruv, som difor fekk ein særleg status. Med tida vart han supplert og komplettert av bøkene til renessansearkitektar som Alberti, Vignola og Palladio, men Vitruv vart ståande som arkitekturens gamle testamente. Han var ein autoritet ein ikkje kom utanom.
Difor er Vitruv viktig for å forstå arkitekturhistoria, også i vårt eige land. Når til dømes løytnant Nordahl på Voss skulle byggje seg nytt hus på garden Lekve i 1725, fann han ut at han hadde råd til ei takhøgd på 3 meter. Då måtte storstova måle 6 x 6 meter, og daglegstova 4,5 x 4, 5, fordi dei skulle ha dei rette proporsjonane mellom side og høgd, høvesvis 2:1 og 3:2.
Dette var noko alle danna folk visste, og dei visste at denne proporsjonstenkinga hadde dei frå Vitruv. Han hadde i sin tur lært ho frå Pythagoras, som hadde oppdaga at slike enkle tal låg til grunn for harmoniane i musikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.