Bok

Det nye klassesamfunnet

Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.

Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Publisert

Tida vi lever i, er paradoksalt prega av både omfattande semje og uforsonleg konflikt. Truleg har norske parti og nyhendemedium aldri vore så samstemde og einskaplege som i dag når det gjeld saker og ideologiar. Det er ikkje avgjerande skilnader mellom høgre og venstre i politikken, og media skil seg frå kvarandre meir i stil enn i sak.

Men til ei slik dominerande og einsarta overflate høyrer sjølvsagt ein opposisjon eller reaksjon, som ein finn i marginale og sosiale medium, men opposisjonen vert i regelen stempla som høgreradikal.

Hvordan havnet vi her? er den talande tittelen på den siste boka til historikaren Finn Olstad, med En historie om det moderne Norge som undertittel. Ja, korleis hamna vi i ein kulturell, økonomisk og politisk situasjon som ligg så langt borte frå det sosialdemokratiske Noreg, som for berre ein dryg generasjon sidan stod føre oss som ein del av identiteten vår?

Eit radialt brot

Som Olstad skriv, har det kome inn eit radikalt brot i den norske historia, som heilt inn i 1970-åra vart oppfatta som ei historie om triumfen til den folkelege nasjonalismen og det moderate sosialdemokratiet. Då dei sosialistiske utopiane grunnstøytte i åtti- og nittiåra, vart sosialdemokratiet langt på veg bytt ut med nyliberalisme.

I Olstads forteljing kjem dramatikken i dette brotet særleg klårt fram fordi forteljinga startar lett kjenneleg med historia om den norske nasjonalismen på 1800-talet, nett som i ei gamal skulebok. Det er som å lese Sverre Steen eller Berge Furre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement