JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Det som ikkje går over

Pia Edvardsen skriv lågmælt, men akutt om forbodne kjensler i romanen En velskapt pike.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pia Edvardsen har ein master i nordisk litteratur og debuterte som forfattar i 2017. I år kom roman nummer to.

Foto: Agnete Brun

3954
20240524
3954
20240524

Roman

Pia Edvardsen:

En velskapt pike

Aschehoug

Om eit par veker vaiar Pride-flagga i små bygder og store byar over heile landet vårt. Det finst opne homofile i alle bransjar, mange høgt profilerte. I tillegg har media dei seinaste åra hatt meir fokus på problema menneske av transkjønn møter, enn på det som framleis gjer det komplisert å vere homofil.

Alt dette har kanskje gjort at det er blitt ei oppfatning blant heterofile at det no er uproblematisk å vedkjenne, for seg sjølv og for omverda, ei homofil legning. Pia Edvardsen fortel oss tydeleg at dette ikkje er tilfellet. Framleis er det heterofile livet norma. Barna våre veks inn i rollemodellane til det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret og får myriadar av små og store forventningar planta i hovudet.

Homofile er sjølvsagt akkurat like forskjellige som alle andre menneske. Nokre er ekstroverte av natur og går tidleg ut og proklamerer at dei er annleis. Meir introverte skyr alt søkjelys på eigen person. Dei rømmer frå den merksemda som det «å kome ut av skapet» framleis vekkjer, også i moderne og liberale miljø.

Frykt og skam

Pia i En velskapt pike er av den typen som ikkje vil skilje seg ut. Ikkje for alt i verda vil ho stå ope fram, ikkje for «sitt bare liv» – noko som her blir heilt konkret og ikkje ein metafor. Ho veks opp i ein vanleg familie med kjærlege foreldre på 1980- og 1990-talet. Ytre sett burde det ikkje vere noko som skulle hindre henne i å bli omfamna av nærmiljøet.

Men ho er det einaste barnet og kjenner litt ekstra på forventingar og kor vanskeleg det ville vere å bryte med desse. I skuleåra blir ein tydeleg homofil gut i klassa hetsa på det grovaste år etter år. Pia er sjølv med på det, for å skjule korleis ho eigentleg har det. I den same enkle, men presise stilen som pregar heile boka, står det: «Jeg fikk ikke til å være jente, uten at jeg forsto hvorfor, jeg forsto bare at jeg var usammenhengende.»

«Boka er spennande og godt smidd saman både språkleg og kompo­sitorisk.»

Pia møter tidleg ein hyggeleg gut som ho slår seg saman med. Han er den beste vennen hennar, og dei opplever mykje fint saman. Men sex er og blir ei liding for henne. Utruleg nok er dei saman i over ti år før det til slutt sprekk. Då rasar alt.

Ho isolerer seg og dett så langt ned i mørkeret at ho blir suicidal. Den første ho fortel sanninga om seg sjølv til, er ein sjukepleiar. Då kjem det endeleg også ut til foreldra. Dei dømmer henne sjølvsagt ikkje, men blir veldig lei seg for at ho ikkje har sagt noko før. Dette blir mest ei ny byrde for Pia, og ho trekkjer seg endå lenger vekk.

Farleg hjelp

På nettet har ho sett at det finst ein psykiater som tilbyr hjelp til homofile. Ordet «konverteringsterapi» blir ikkje nemnt i boka, men lesaren skjønar straks kva det er snakk om. Etter å ha tvilt lenge går Pia i si store naud til éin konsultasjon og så ein til. Møta er skildra på same lågmælte måten som alt anna her, men lesaren kjenner korleis det velt seg i magen: Det er jo alt det denne personen seier til Pia, som er så frykteleg feil, ikkje kjenslene hennar.

Eg vil ikkje røpe slutten, boka er spennande og svært godt smidd saman både språkleg og kompositorisk. Ordvalet er kresent, stillfarande, men effektivt. Her er også lyriske parti i skildringane av rådyra som bur i skogen ved huset til Pia. I periodar er dyra dei einaste utanfor henne sjølv ho har kontakt med. Dei vakre, frie skapningane kan stå for ein kontrast til alt som har låst seg i hovudpersonen, på grunn av kollisjonen mellom den indre naturen hennar og forventningane frå kulturen ho er fødd inn i.

En velskapt pike er ikkje ei bok som ropar høgt. Denne boka kjem utan regnbogeflagg eller oppsiktsvekkande kostyme. Men ho verkar sterkt på og i den som les henne. Ei viktig bok, ei vesentleg påminning.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det er ikkje enkelt å vita korleis ein styrer det offentlege helsevesenet godt, men helseminister Vestres meir pragmatiske linje gjev litt von, skriv Lars Kolbeinstveit.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte

Folk flest ynskjer eit godt samfunn

«Likskap er vanskeleg å få til om det offentlege skal driva alt sjølv.»

LarsKolbeinstveit

Står du i ein lang kø, kan det kanskje freiste å snike.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Snikmyrda snok

Snika har snike seg unna denne spalta lenge nok no. Eller er det dei andre orda som har snike i køen?

Stormakta USA og småstaten Noreg har ikkje same interesser, minner Gro Eriksen og Ingegerd Austbø om. Foto frå eit Nato-møte i Litauen i 2023.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ordskifte

Noreg gjer som USA vil

«Truleg kan USA lagra atomvåpen på basane i Noreg dersom USA finn at det er strategisk viktig.»

Breispektra: Barbie kan brukast til det meste – også til å selje fruktdrikk til born.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Fruktdrikk til born

Å halvere fruktinnhaldet i fruktdrikk er ikkje noko helsemål. 

Feature

Bønder i krigstid

UKRAINA: Ukraina har noko av den mest grøderike jorda i verda. Svartjorda deira er fascinerande. Denne djupe, humusfylte jorda som går milevis innover dei ukrainske steppene. Eg reiste til Ukraina for å møta bønder i dette enorme jordbrukslandet.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis