Bok

Det tidlause lyset

Patrick Modiano leverer litterær kleinkunst av høg kvalitet.

Patrick Modiano er romanforfattar, men har òg skrive filmmanuskript.
Patrick Modiano er romanforfattar, men har òg skrive filmmanuskript.
Publisert Sist oppdatert

Det er dei som meiner at Patrick Modiano skriv den same romanen om og om igjen, med handling lagd til Paris under den tyske okkupasjonen eller til dei første tiåra etter krigen, og der målet er å gjenskape så presist som mogleg, ukronologisk etter minnet, noko som ein gong var, menneske han møtte, stemningar, samtalar, gatenettet i Paris med eit mylder av adresser, bygningar som er borte, barar og restaurantar, parkar og opne plassar.

Det er eit erindringspuslespel der det alltid manglar ei brikke eller to. Slik kjennest det å lese dei sju korte romanane av Modiano som finst på norsk, fire av dei omsette til elegant bokmål av Tom Lotherington.

Ungdom

Danserinnen kom på fransk i 2023, og romanen opnar med eit stikk til dagens masseturisme som har gjort Paris til ein framand by for dei som bur der: «Den lignet mest på en diger fornøyelsespark, eller på taxfree-området på en flyplass.»

Men eit tilfeldig møte med ein kjenning frå langt tilbake får Modiano inn på minnesporet og leitinga etter noko han sjølv var ein del av tidleg i ungdommen. Den omgangskretsen han kom inn i, var knytt til eit ballettstudio men den kjente koreografen Boris Kniaseff (1900–1975) og ei rad med kjende dansarar, namngitte, medan dansarinna som har gitt romantittelen, er utan namn. Og dette diffuse som Modiano er ein meister i å skrive fram, får lesaren til å tru at ho kan vere oppdikta, fiktiv, og plassert blant faktiske aktørar.

Modiano legg eit mystisk slør over handling og personar, men bit for bit trer det fram eit miljø av kriminelle som også dansarinna er trekt inn i gjennom sonen Pierre. Faren må stikke av, og forteljaren trer inn i rolla som ein slags reservefar, ein som legg puslespel med guten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement