Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Sakprosa
Abid Raja:
Vår ære og vår frykt. En personlig reise i det muslimske Europa
Cappelen Damm
Abid Rajas siste bok handlar mykje om forfattaren sjølv. For mykje, vil enkelte meine. Samstundes er det naturleg at ein som er barn av fyrstegenerasjonsinnvandrarar brukar seg sjølv i ei bok som handlar om integrering, eller mangel på nettopp dette.
Raja har sjølv vore gjennom ei reise frå å vere sint ung mann til å bli ein velintegrert andregenerasjonsinnvandrar hylla av mange. Og boka er på sitt beste der ho skildrar veksande homohat og kvinneundertrykkjande haldningar blant unge i oslobydelar dominerte av innvandrarslekter.
På eit vis er denne boka eit framhald av den førre boka hans, Min skyld, som handla om ein oppvekst med oppdragarvald og æreskultur, og ein ung mann som hamna hos barnevernet. Forfattaren kunne enda som alt anna enn advokat, politikar, stortingsrepresentant og seinare statsråd. Raja blei mot alle odds ein suksess og eit førebilete for minoritetsungdom.
Raja braut med familien etter at boka Min skyld kom ut. Han snakka ikkje med far sin før nyleg.
Klanens hygge
Den siste boka tar til med at han er tilbake i storfamilien under eit besøk i Pakistan. Det er ei rørande skildring av situasjonen der faren ber om orsaking for at han slo han som barn og forlét han åleine på sjukehus som liten. Det er banebrytande for ein far oppdradd i ein patriarkalsk kultur, meiner Raja.
Han skildrar varme møte med eigen storfamilie der det blir servert kryddersterke retter i den pakistanske landsbyen som lyser av velstand takka vere bidrag frå slekta i Europa. Denne varmen har eg sjølv kjent på, litt i møte med pakistanske familiar i Noreg og endå meir i Pakistan. Raja skriv om klankulturens positive sider, samhaldet i ætta og dei trygge rammene, som mange tar med seg til nye land som migrantar.
Klankulturen har ei bakside som ikkje blir skildra breitt. Her er det berre knytt til tvangsekteskap, æresvald og korleis det kolliderer med hans eige individorienterte liv og liberale verdiar. Det kunne vore ein styrke for boka om han skreiv meir om der klankulturen kolliderer med demokratiske verdiar.
I staden framhevar Raja religion og konservativ islam som det store problemet når migrantar skal integrerast i Europa. Raja sjølv har blitt godt integrert. Men vi får ikkje historia om dei som framleis er bundne av klan, familie og kultur frå heimlandet til forfedrane. Korleis ser perspektivet ut frå ein slik ståstad?
Ut for å lære
Raja har vore mykje på farten i Europa som politikar. I boka blir vi med han på ei ny reise gjennom Europa der han ser korleis integreringa går. Ei trist historie. Han kjem ofte tilbake til spørsmålet: Korleis hadde livet hans blitt om foreldra og han hadde hamna andre stader? Kunne han blitt kriminell i Malmö eller radikalisert islamist i Frankrike?
I Belgia og Frankrike kan du møte ungdomar som kjenner seg som muslimar utan å kunne dei enklaste bønene, men islam blir ein del av identiteten deira. Radikalisering av muslimar og vekst i høgreekstreme parti er faresignala.
Raja ser korleis utanforskapet blir dyrka, sjølv fleire generasjonar etter at slekta kom til Europa.
Integrasjonen går feil veg, og Raja har forståing for at folk fryktar islam. Dette er sterk tale frå ein muslim.
Han tenkjer på kva som redda han. Skule, studium, samfunnsengasjement og enkeltpersonars tru på at han kunne bli noko. Samstundes hadde han folk rundt seg som reagerte dersom han til dømes uttrykte kvinneundertrykkjande haldningar.
«Jeg ble omfavnet av samfunnet, ikke utstøtt», er konklusjonen. Så langt ser han positivt på situasjonen i Noreg.
Sjokkfunn i Noreg
På ein foredragsturné til vidaregåande skular i innvandringstette område i Oslo fekk Raja sjokkerande opplevingar. Han snakka mellom anna om forholdet til kona Nadia frå boka Min skyld. Ekteskapet braut med krava om å gifte seg innanfor same kaste.
«Du opptrer svikefullt overfor islam», er ein kommentar frå ein 17-åring. Raja ser at kastesystemet lever vidare blant unge, som kontrollerer kvarandre – om dei fastar under ramadan eller følgjer bønnerutinar.
Raja snakkar med lærarar. «Er det halal eller haram?» Det kan vere spørsmålet når læraren set på musikk. «Sian brenn Koranen. Kvifor kan ikkje vi brenne prideflagget?» er ei anna haldning.
Raja erkjenner at dette er unge som veks opp i enklavar utan kontakt med den andre verda i Noreg. Dei definerer seg meir som pakistanarar, tyrkarar og somaliarar, men ikkje som norske. Nærare parallellsamfunn med eigne verdiar og normer er det vanskeleg å komme.
Ei innvending kan vere å spørje kvifor Raja ikkje har sett dette før. Ei anna er at han kunne hatt fokus på dei migrantmiljøa som arbeider aktivt for segregering. Det er jo dei som har vunne, så langt. Men det er viktig at ei kjend og viktig muslimsk stemme no ser realitetane i auga og bringar bodskapen vidare. Boka er òg viktig fordi ho til dels summerer opp integreringsproblema – ikkje berre i Noreg, men i heile Europa.
Einar Haakaas
Einar Haakaas er journalist og forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mange vil nok finne ein feil på dette biletet. Men la meg forklare.
Foto: Dagfinn Nordbø
«Mange vil miste munn og mæle når eg slår frampå om kvitlauk i fårikålen.»
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge Skodvin
Livets dropar
Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.
«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Krig og psyke
Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.