Bok

«Edvard Hoems Ung mann vil ut er blitt ei levande bok, og eit viktig tidsdokument frå ein småby.»

Edvard Hoem er ein prislønt roman- og biografiforfattar, dramatikar og salmediktar, poet og Shakespeare-gjendiktar.
Edvard Hoem er ein prislønt roman- og biografiforfattar, dramatikar og salmediktar, poet og Shakespeare-gjendiktar.
Publisert

Ung mann vil ut handlar om diktarens ungdomsliv i småbyen Molde. Den unge Edvard er på klassereise, som seinare ein annan Edvard, med etternamnet Louis.

Einast i byen er det fred å få. Han har lengta vilt dit. Alt skal snart bli annleis no. Han er 14 år, odelsgut og på flukt. Året er 1963. No skal han ta til på realskolen, første mål på vegen ut i verda.

Ei ny tid

I byen vil han slette alle spor. Han tar straks til å herme bydialekten. Han har øvd seg under besøk der, med å høyre etter korleis moldensarane snakkar. Når det blir spørsmål om kor han er frå, svarar han dei nye vennene i hytt og vêr, på moldemål. Fræna er eit ord han ikkje frivillig slepper over leppene.

Den første kvelden i byen går han forbi kinoen. Kinoen er ein syndepøl for bedehusfolket, som verdsleg litteratur, som dans og all moro. Han har aldri vore på kino, det er på bedehuset han har vore. Fint skildrar boka korleis han oppdagar skattane i Molde bibliotek, og for første gong går i teater, på ei Riksteaterframsyning.

Som mange på denne tida blir Edvard prega av draumen om meir rettferd i verda. Undertrykking gjer inntrykk når han les om det i bøker og aviser. Eller høyrer radio på hybelen. Enten det er mot svarte i USA eller i Vietnam. Framleis bunden til trua som han er, blir idéverda no supplert frå nye miljø der meir verdslege tankar rår, og som møte med enkeltpersonar i Molde får han i kontakt med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement