Bok
Ei kjærleikssoge
Kva det er med nordmenn og langrenn? Om du vil forstå, gjev boka Mitt liv som middels langrennsløper ei god forklaring.
Thor Gotaas forklarer kva det er med nordmenn og langrenn.
Foto: Line Monrad-Hansen / Gyldendal
Vi kjenner den allsidige forfattaren frå TV. I små snuttar under store meisterskap fortel han om femmila i NM i 1954 eller om Mäntyrantas ville skiteknikk. Med stort forteljaroverskot fortel han om langrenn som livsstil: «Bror min Lars og jeg sa: Man kunne lagt ned alle skirenn, men vi hadde gått like mye, minst. Kanskje enda mer, for da slapp vi å lade opp og ta hensyn til renn.»
Gleda som drivstoff
Gotaas fortel om oppvekst i Brumunddal oppå eit par ski. Vintrane var kalde og fylte av snø. Somrane var varme og bratte og fylte av mjølkesyre. I byrjinga gjekk han for å bli best mogleg, seinare berre med gleda som drivstoff. Boka er ei blanding av treningsdagbok, memoarar og essay. Dei ulike laga i teksten glid umerkeleg over i kvarandre. Her er skildringar av skiteknikk og sosiologiske analysar av langrennsungdomen. Norsk sportshistorie og smørje- og treningstips. Og ikkje minst er boka ein hyllingstale til alle dei som trena like mykje som dei beste, men som aldri kom på topp 10 i NM.
Dei fleste nordmenn kjenner Grønningen, Brenden, Brusveen, Ellefsæter og Eggen. Gotaas lyfter fram alle dei langrennarane som var i sjiktet under. Han fortel om alle talenta som aldri fekk gå på TV-skjermen. Mange var kalla, få vart utvalde.
Mekanisk presisjon
Forteljarstilen hans er aukrustsk: Ingen observasjon er for liten. Med mekanisk presisjon skriv han så vi ser dei ulike personane i løypa. Om forteljinga er sann, er ikkje poenget. Han er like nostalgisk og konservativ i omtalen av utviklinga av langrenn som Gudmund Skjeldal, men mindre sur. Gotaas skriv ikkje om norsk langrenn for å endre noko som helst. Han skriv for å forklare korleis eit menneske vert oppslukt av noko, korleis det går når hobbyen vert ei livslang kjærleikssoge. Det er langrenn som tanketom, men livgivande verksemd, langrenn som danning. For det er når du er sliten du er den beste versjonen av deg sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.