Ei vill mafiahistorie frå Noreg
Harald Stolt-Nielsen og Magnus Lysberg har skrive ei veldokumentert norsk-marokkansk mafiahistorie.
Magnus Lysberg (t.v.) og Harald Stolt Nielsen har arbeidd som krimjournalistar i Aftenposten i fleire år.
Foto: Astrid Waller
Sakprosa
Harald Stolt-Nielsen og Magnus Lysberg:
Bakmannen. En sann historie om dop, vold og raske penger
Aschehoug
Hovudpersonen i Bakmannen – en sann historie om dop, vold og raske penger av Harald Stolt-Nielsen og Magnus Lysberg heiter Zakariya Rahali. Han blei fødd i 1994. Dagen etter fødselen hamna faren i fengsel for narkotikakriminalitet. Han voks opp i tronge kår, før han overtok arven og blei narkotikabaron.
Men boka om han handlar like mykje om ein norsk-marokkansk familie der brør, onklar og anna slekt har ulike roller i det kriminelle nettverket.
Bakmannen følgjer narkotika- og gjengutvikling sidan gjengprosjektet blei lagt ned i 2011, og tråden i det heile er korleis Rahali har utvikla seg frå småkriminell til storhandlar med narkotika i eit miljø med vald, truslar og kidnappingar.
Det er eit imponerande materiale forfattarane har arbeidd med. Den skriftlege delen omfattar 10.000 sider. Mesteparten er henta frå norske og svenske politidokument. På toppen av dette kjem eit stort antal munnlege kjelder blant politi, forsvararar, folk frå det kriminelle miljøet og personar som har vore direkte innblanda i narkotikasmuglinga.
Krypterte nettverk
Det ligg mykje kunnskap i botnen, ikkje berre om gjengar og nettverk i Noreg, men om parallellar i land som Sverige og Nederland, og om korleis narkotikatrafikken blir styrt frå land som Tyrkia, Marokko og Spania. Det er ei verd der advokatar og journalistar blir drepne, og der spesialkonteinarar for tortur er handelsvare. I vesle Noreg blir pengar vaska i ein frisørsalong på Grønland i Oslo, medan ein pengekurer har frakta 45 millionar narkotikakroner ut av landet.
Mange detaljar i boka er komne til etter at norsk politi fekk tilgang til kommunikasjon i det krypterte telenettverket Sky ECC. Ein etter ein kan koplast til narkotikatrafikken og Rahalis brukarnamn «Sky is the limit». Før avsløringa kunne han styre smugling og omsetning i detalj via det krypterte nettverket og sende narkotika til mottakarar i Noreg, Sverige og Danmark.
I april i år fall til dømes ein dom mot sju tiltalte som blei felte på grunn av bevis knytte til det krypterte nettverket Rahali brukte. I alt enda det med til saman 105 år i fengsel.
Det blir vel mykje oppramsing av detaljar som til dømes narkotikatransportar. Nokre gonger er det ikkje lett å følgje med på fleire titals kilo og tonn av ymse slag som går over grensene. Det same gjeld det anonymiserte persongalleriet. Når to personar er omtala som «familiefaren», blir det trøblete. Då ein av dei heiter «familiefaren i 40-årene», aukar forvirringa.
Familien og klanen
Dramatikk og talande detaljar er det nok av i denne historia. Eit døme er den spektakulære frakta av narkotika med firehjuling mellom gran- og furuleggar i skogen på grensa mellom Noreg og Sverige. Eit anna er når ein kvinneleg kurer leverer stoff på Grønland i Oslo. Ho må køyre heilt fram til døra fordi guten på 12–15 år som tek imot baggane, ikkje er sterk nok til å bere dei. Dessverre er dette ein del av norsk røyndom.
Dei fleste er kjende med omgrepet «familien» brukt om mafianettverk i amerikanske filmar. I dagens krimbilete er det faktisk familien eller klanen som styrer, også i Noreg. Svensk politi har kartlagt dei kriminelle klanane og funne rundt 40 familienettverk. I Noreg har det aldri tidlegare vore gjort noko liknande. I boka kjem det fram at då ein tilsett i Kripos for fyrste gong prøvde på denne tilnærminga, dreidde det seg om Rahali-familien.
Forfattarane av Bakmannen har gjort eit framifrå arbeid i same leia. Boka er vesentleg for å forstå kva slags utfordringar det norske samfunnet står overfor. I denne samanhangen er det snakk om norsk-marokkanske familiar med lang butid i Noreg som er godt integrerte i den marokkanske Mocro-mafiaen, ein av de mektigaste mafiaane i Europa.
Medan fleire titals aktørar sit fengsla i Noreg, sit Zakariya Rahali framleis trygt i Marokko. Han er sikta for å ha smugla 252 kilo kokain og 5,7 tonn cannabis til Noreg, men utlevering er så langt umogleg. Dette er svært spennande lesing.
Einar Haakaas
Einar Haakaas er frilansjournalist og forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.