Bok
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Du kan komme til å tenke på Freia mjølkesjokolade, eller nasjonalskiløparen Harald Grønningen for dei av oss som hugsar så langt tilbake, når Odd Nordstoga syng og dansar i veg over scena med trekkspelet på magen. Han er så tvers gjennom godt norsk. Meir norsk kan det ikkje bli, på populærmusikkfronten. Og så er han så beskjeden ein kar. I eigne auge vil han gjerne vere slik, om han fortel sant.
Vi kan følgje musikaren der han går nesten som ved sida av oss. Alt er så nedpå. Med i teksten på boksidene syng ein melankolikar som vi kjenner frå tekstane til songskrivaren. Spelemann er ei inntakande bok.
Liv og tilbakeblikk
Likaste guten er han, og ikkje ein einaste løyndom frå eit utsvevande artistsliv er å finne, på eller halvfortalt mellom linene. Til det er Nordstoga for gjennomført godgut. Ingen skandalar å lage oppslag om. Historier som ikkje eignar seg på trykk, held han tett til brystet.
Men vi får mykje om karrieren fint fortald. Som når Odd er på kajakktur med kompisar i øyværa på Helgeland, og også der blir gjenkjent og må vere fotoobjekt på tur mellom holmane. Eller frå livet med kompisar i bandbussen og på og bak scena. Turné betyr fri frå familiepliktene heime. Odd innrømmer at det er hans privilegium slik å sleppe unna.
Boka vekslar kjapt mellom notid og fortid. Her og der snåvar forteljinga, med eit par historier som manglar hale. Ein bit er boka unna den fremste sjølvbiografiske litteraturen. Men vi får måla fine, små livsopplysningar fram.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.