JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

7362
20240712
7362
20240712

Sakprosa

Ernst Bjerke:

Imago mundi. Nürnbergkrøniken som bokkunst. Anton Koberger and the Nuremberg Chronicle

Orfeus publishing, Oslo 2022

Hartmann Schedel kalla boka Chronica universalis cum figuris et imaginibus, som vi gjerne kan omsetje til Illustrert verdshistorie, men ho vert til vanleg kalla Nürnberg-krønika. Teksten er for det meste avskrift av andre bøker, men illustrasjonane sette ein ny standard og synte kva som var mogleg å gjere med det nye mediet: den trykte boka.

Luksusutgåva

Dette var den største biletboka som nokon gong hadde vore prenta, med 656 sider i eit folioformat som var litt større enn det vi kjenner som A3, illustrert med nesten to tusen tresnitt, som i luksusutgåva vart leverte ferdig handkolorerte, medan boka var bunden i permar av eik overtrekte med svinelêr med relieff og forgylling, og med hjørnebeslag og spenner av messing.

Illustratøren Michael Wolgemut måla av sin tidlegare elev Albrecht Dürer i 1516.

Luksusbøker var ikkje noko nytt, men trykkekunsten gjorde slik luksus tilgjengeleg for litt fleire. Forretningsideen bak Nürnberg-krønika var å selje dei trykte arka og la kjøparane sjølve stå for fargelegging og innbinding etter eigen smak og lommebok. Slik sparte ein transportkostnader og slapp å binde kapital.

Berre ein liten del av opplaget vart kolorert og innbunde av utgjevarane sjølve, og desse eksemplara er særs verdfulle og ettertrakta. Det gildaste av dei, med både innbinding og kolorering i original stand, vart i 2020 kjøpt av ein norsk samlar og har sidan vore deponert i samlinga til Oslo Katedralskole.

Noreg på kartet

I boka Imago mundi. Nürn­bergkrøniken som bokkunst har Ernst Bjerke gjeve ein grundig presentasjon av dette eksemplaret, og som det høver seg, er boka praktfullt illustrert. Dette er ei coffee table-bok om coffee table-bøker.

Boka kom til jul i 2022, men som venteleg er, har ho ikkje fått noko særleg merksemd. Slike bøker vert sjeldan melde. Problemet med coffee table-bøker er jo at teksten ikkje alltid held same høge standard som bileta, eller at teksten ikkje bryr seg om bileta, eller at teksten ikkje har noko å seie.

Boka til Bjerke er eit gledeleg unntak: Bak den lekre overflata skjuler det seg ei bok som ikkje berre er vitskapleg, men også leseleg for alle interesserte. Her er mykje å lære, både om bøker og bokkunst, og om det kulturmiljøet som stod bak utgjevinga.

Katedralskolens eksemplar av Nürnberg-krønika er ikkje det einaste i Noreg, for Nasjonalbiblioteket kjøpte i 2007 eit fullkolorert eksemplar for 1,4 millionar kroner. Bakgrunnen var at dette er ei av dei første trykte bøkene der Noreg vert omtala, og dessutan synt på kartet.

Teksten om Noreg var ikkje heilt oppdatert, for han vart henta frå eit over tretti år gamalt geografisk verk. Faktasjekken var heller ikkje særleg grundig: Ein annan stad i boka kan ein lese at nordmennene vart omvende til kristendomen av den seinare pave Hadrian IV, under vitjinga hans i 1153. Det er ikkje slik at står det på prent, så er det sant, og slik har det aldri vore.

Prestisjeprosjekt

Nürnberg var ein rik by, og nest etter Köln den største i Tyskland. Dessutan var han verdsleiande i trykkekunsten, og Anton Koberger, som gav ut Nürnberg-krønika, var tidas største forleggar. Likevel var prosjektet for stort eller usikkert til at han ville gje ut boka for eiga rekning, og dei som stod bak, var fire kompanjongar.

To av dei var illustratørane Michael Wolgemut og stesonen Wilhelm Pleydenwurff. Dei to andre, Sebald Schreyer og svogeren Sebastian Kammermeister, høyrde til Nürnbergs stor­-
borgarskap. Forfattaren Schedel var stadsfysikus same stad. Han hadde doktorgrad i medisin frå Padova, men hadde også studert humaniora i Leipzig saman med Schreyer og var ein breitt orientert humanist.

Illustratørane Wolgemut og Pleydenwurff var på denne tida i ferd med å revolusjonere kunsten. Tresnittet var blitt oppfunne kring 1400, men vart til å begynne med skore som enkle konturteikningar. Dei to innførte skravering og krysskravering, slik at biletet kunne syne lys og skugge, og dette la grunnlaget for tresnittet slik vi kjenner det frå den fremste av elevane deira, Albrecht Dürer. Fleire meiner også at dei kan sjå Dürers hand i nokre av tresnitta i boka.

Piratutgåve

Det er uvisst om utgjevarane tente pengar på boka. Truleg ikkje, for dokumenta fortel at femten år seinare var ein stor del av opplaget enno uselt. Dette var likevel neppe hovudsaka. Nürnberg-krønika var eit prestisjeprosjekt og ein demonstrasjon av Vorsprung durch Technik. Han skulle vise kva byen var i stand til å utrette i lærdom og handverk, og i masseproduksjon ved hjelp av avansert teknologi og langsiktig og risikoviljug kapital.

Slik sett var boka ein suksess. Alle bibliotek ville ha ho, og den latinske originalutgåva er kjend i minst tusen eksemplar, av eit opplag som kanskje var så mykje som to tusen. Den tyske omsetjinga, som vart utgjeven samstundes, vart trykt i minst fem hundre eksemplar. Den tyske heimemarknaden var mindre enn den internasjonale marknaden for bøker på latin.

Det fanst enno ikkje lover om opphavsrett, og etter eit par år vart det utgjeve ei piratutgåve i Augsburg, både av den latinske og den tyske versjonen, med tresnitt som var kopiar av dei i originalutgåva. I Augsburg-utgåva var formatet mindre, illustrasjonane færre og prisen lågare. Det gjorde det sjølvsagt vanskelegare å selje originalutgåva.

Rubrisering

Trykkerevolusjonen på 1400-talet handla ikkje berre om trykking med lause typar av bly, men også om tresnitt og koparstikk, som gjorde det mogleg å masseprodusere bilete. Koparstikk er eit djuptrykk, der trykksverta ligg i fordjupingar som papiret må pressast inn i. Tresnitt er derimot eit høgtrykk og difor enkelt å kombinere med blysats. Gutenberg eksperimenterte også med fleirfarga trykk, men det vart for dyrt og komplisert, og fargar vart difor lagde til for hand.

Lesarane var vande med handskrifter, der fargar var ein sjølvsagd del av bokmediet, og det tok tid å venne seg til bøker i svart og kvitt. Eit minstekrav var at boka måtte vere rubrisert. Ordet er latin og tyder å farge raudt, og å rubrisere var å markere nytt avsnitt med eit raudt teikn. Det var både dekorativt og funksjonelt: Slik vart det enklare å orientere seg i teksten. Trykkarane heldt også av plass til handmåla initialar i begynninga av kvart kapittel, og vide margar gav rom for dekorasjon kring teksten. Tidlege trykte bøker liknar difor på handskrifter.

Det tok tid før alt dette vart erstatta av enklare, typografiske løysingar i svart og kvitt.

Handmåla

Også tresnitt kunne fargeleggast, sjølv om vi er vande med å sjå dei i svart og kvitt. Bjerke syner korleis dei kolorerte tresnitta inneheld «grafisk informasjon som ikke er til stede i det trykte tresnittet, men som åpenbart er del av motivet slik kunstnerne hadde konsipert det». Med fargane på plass ser vi også lettare korleis det kunstnarlege uttrykket høyrer heime i den seine mellomalderen: «Med sine friske farger minner de håndkolorerte tresnittene om lyse glassmalerier, spredt rundt i bokens tunge, gotiske arkitektur».

Imago mundi syner oss nettopp dette, i detalj og med kyndig rettleiing. Det er gledeleg at ei slik bok kan bli utgjeve på norsk.

Gjert Vestrheim

Gjert Vestrheim er professor i klassiske fag (gresk) og fast meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis