JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ein rettsstat i spel?

Kva kan skje med rettsstaten innanfor rammene av eit demokrati no som retten blir digitalisert?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo og forskar ved Nasjonal­biblioteket.

Foto: Dreyer

5254
20240126
5254
20240126

Sakprosa

Jørn Øyrehagen Sunde:

1000 år med norsk rettshistorie: Ei annleis noregshistorie om rett, kommunikasjonsteknologi, historisk endring og rettsstat

Dreyer

«Handkverna gjev eit samfunn med føydalherrar, dampmølla eit samfunn med industrielle kapitalistar», sånn formulerte Karl Marx (1818–1883) seg om kva teknologi hadde å seie for makttilhøva i samfunnet.

Det er på ingen måte ei marxistisk bok Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, har skrive. Likevel kom eg til å tenkje på dette gamle Marx-sitatet då eg las den velskrivne og vakkert illustrerte boka 1000 år med norsk rettshistorie. Ei bok som byggjer vidare på og bind saman ein omfattande forfattarskap om mellom anna Landslova av 1274, dansk-norsk rett på 1700-talet og Høgsteretts historie i perioden 1965–2015.

Ny teknologi

Grunnen til at tankane mine vandra til Marx, er at Sunde legg vekt på eit materielt tilhøve i samfunnet når rettshistoria skal bindast saman: kommunikasjonsteknologien. Og det er nettopp denne vektlegginga som gjer noregshistoria hans både annleis og fascinerande, for korleis blir retten påverka av ny kommunikasjonsteknologi? Gjennom tre døme – frå munnleg til skriftleg rett, frå skriftleg rett til trykt rett, og frå trykt rett til digitalisert rett – viser forfattaren korleis kommunikasjonsteknologi har forma rettsstaten.

Her stoppar rett nok likskapen med Karl Marx. I den tradisjonelle tolkinga av Marx er det dei materielle tilhøva som avgjer korleis retten tek form. Det er ikkje poenget til Sunde. Retten blir ikkje avgjord av kommunikasjonsteknologi, men teknologiske nyvinningar ber i seg moglege endringar som formar retten i samspel med samfunnsutviklinga.

Sunde vel ut statsdanning, verdigrunnlaget til samfunnet, individforståing og lovgjevingsteknikk som utviklingstrekk som saman med kommunikasjonsteknologi har forma rettsstaten. Bodskapen er tydeleg: Endringa som går føre seg mot ein digitalisert rett, set rettsstaten på spel, også på uføresette måtar. «Rettsstat er ikkje noko ein har eller ikkje har, men det er noko ein har ein grad av».

«Sunde får fram korleis rettsstaten har blitt skapt gjennom ei utvikling som ikkje har vore styrt, men forma av uføresette historiske konsekvensar.»

Lov og verdigrunnlag

Kva er så ein rettsstat for Sunde? Rettsstaten føreset lovbinding, men han har òg eit verdigrunnlag som gjev fellesskap, tryggleik og høve til konfliktløysing som står i kontrast til elitevelde, undertrykking og korrupsjon. Rettsstaten er avgjord av høvet borgarane har til innsyn, påverknad og ansvarleggjering etter ein rettferdsstandard.

Styrken ved denne rettsstatsforståinga er at ein dermed kan analysere fram rettsstatstrekk også i periodar då det ikkje er rimeleg å snakke om nokon moderne rettsstat, som til dømes perioden fram mot Landslova av 1274 og korleis overgangen frå munnleg til skriftleg rett var ein føresetnad for statsdanning. Eller korleis den trykte retten, som kom til frå 1600-talet og framover, var eit vilkår for styring gjennom eit byråkrati forma av den utdanningskulturen den trykte skrifta gjorde mogleg.

Her ser vi den imponerande evna Sunde har til å sjå samanhengar, fordi utdanning peikar mot framtida på ein annan måte enn det sykliske verdsbiletet der årstider skifter og sola går sin gang. Slik får Sunde fram korleis rettsstaten også har blitt skapt gjennom ei utvikling som ikkje har vore styrt, men forma av uføresette historiske konsekvensar.

Dei tradisjonelle politiske utgangspunkta for rettsstaten endrar seg. Rettsstaten blir meir eit produkt av historiske prosessar i mellomalderen, einevaldstida og pågåande prosessar i dag, enn av 1814 og moderne revolusjonar, som til dømes den franske og den amerikanske revolusjonen. Då opnar det brennande spørsmålet seg: Kva kan skje med rettsstaten innanfor rammene av eit demokrati no som retten blir digitalisert?

Rettens nye herrar

Ladegrepet er alt teke, og Sunde skyt med skarpt: Digitalisering av retten i kombinasjon med internasjonalisering, mellom anna gjennom EØS, utfordrar sjansen borgarane har til innsyn, påverknad og ansvarleggjering etter ein rettferdsstandard. Parallelle rettsordningar har oppstått med ulike rettskjelder, og borgarane kan oppleve ein uføreseieleg rett som ikkje lenger gjev tryggleik og fellesskap. Nav-skandalen er dømet.

Sunde kjem med framlegg til korleis ein kan bøte på dagens utfordringar, til dømes gjennom at staten gjer retten tilgjengeleg for ålmenta gjennom digital teknologi. Han diskuterer også korleis digitalisering kan gjere rettsavgjerder føreseielege.

Men like viktig som dei konkrete framlegga til Sunde er kva rettshistoria hans får fram. Det blir tydeleg at vi enno ikkje heilt veit kva herrar digitaliseringa av retten opnar for. Den som les 1000 år med norsk rettshistorie, vil likevel ikkje berre få ei betre forståing av historia, men òg vere betre rusta til å kjempe for å ta vare på dei rettsstatsstrukturane som har vakse fram gjennom ei 1000 år lang rettshistorie. Så det er berre å håpe at boka får så mange lesarar som råd.

Sverre Flaatten

Sverre Flaatten er rettssosiolog og førsteamanuensis ved Politi­høgskulen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis