Bok

Ein takk til livet

Salman Rushdie nyttar språket som terapi.

Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Publisert

«Jeg har hatt litt problemer med profeter i mitt liv», skriv Salman Rushdie lakonisk i den djupt personlege oppsummeringa av det året som har gått sidan han blei forsøkt drepen 12. august 2022 på ein scene i Chautauqua i New York.

Rushdie omtalar attentatmannen med bokstaven A, som kan stå for Ape, men mannens rette namn er Hadi Matar, ein 24-årig amerikansk statsborgar med familie i Libanon. Det er etter eit besøk i Libanon at han vender tilbake, radikalisert, og forskansar seg i kjellarstua med valdelege videospel og islamsk propaganda gjennom YouTube. Rushdie skriv ironisk at han hamnar i klørne til imam Yutubi. I avhøyr innrømmer Matar å ha lese to sider av Sataniske vers. Det var nok til å hente fram kniven.

15 knivstikk

På 27 sekund fekk A inn 15 knivstikk som førte til omfattande skadar i ansikt, høgre auge, hals, bryst og venstre arm. Berre rask førstehjelp frå dei som kom til, redda livet til Rushdie.

På sjukehuset blei han operert og lagd i respirator, og dei første døgna var svært kritiske. Eitt knivstikk er nok til å drepe, seier ein av legane; heldigvis visste ikkje attentatmannen korleis ein skal drepe med kniv.

Første del av Kniv, «Dødsengelen», handlar om sjølve attentatet og tida etterpå med pleie, omsorg og opptrening, og Rushdie skriv med både humor og varme om alle som er innom med sin ekspertise. Boka er da også «tilegnet mennene og kvinnene som reddet livet mitt».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement