Eld og glans, blod og strid
Sverresoga og Soga om orknøyingane representerer to høgdepunkt i den norrøne litteraturen, og dei følgjer på kvarandre i det fjerde bandet av Flatøybok, som nå er kome ut.
Illustrasjonane er laga av Anders Kvåle Rue.
Historie
Torgrim Titlestad (hovudredaktør) og Elizabeth Ashman Rowe (medredaktør):
Flatøybok bind 4
Saga bok
Både som litteratur og historisk kjelde er sagaene eit levande vitnemål om krig og strid, om hemn og kjærleik, om gamle livsmåtar og nyare livssyn, eit verk det knapt finst maken til. Den skotske diktaren George Mackay Brown gjev i si bok Letters from Hamnavoe døme på dei udøyelege augneblinkane i Soga om orknøyingane som lyser opp i minnet hans. Det er forteljinga om Torv-Einar, den mistrudde og forakta sonen som mørejarlen Ragnvald fekk med ei trælkvinne, og som nærast vart kjeppjaga ut til øyane. Men han hemna drapet på far sin Ragnvald ved å risse ei blodørn inn i ryggen på drapsmannen hans, som var sonen til sjølvaste Harald Hårfagre. Og Torv-Einar berga seg vidare uskadd frå alle åtak og stridar som det uhyggelege drapet på kongssonen førte med seg.
Svik som straffa seg
Vi les også gjerne om Sigurd Digre som sveik skottejarlen, drap han og lét hovudet hans hengje ved salknappen sin medan han rei frå staden. Men hovudet daska mot låret til Sigurd, og den store framtanna til skottejarlen rista eit sår der som det gjekk verk i og tok livet av den svikefulle.
Pilene svirrar og krigsropa gjallar. Fremst i striden mot irskekongen Bryan går ein annan jarl som også heiter Sigurd. Det er hundre år seinare, i 1014, at det mest vidgjetne slaget i irsk mellomalder fann stad. Det er merkesmannen Sigurd som løftar banneret med ramnen, og ramnen lover han siger. Men både Sigurd og dei fleste nordmennene døyr i den heite og sogeomspunne striden.
Sigurd etterlèt seg fire søner, og i den bitre og hatefulle maktstriden mellom dei er det sonen til den skotske kongsdottera – den yngste av dei fire, Torfinn, svartskjeggete, stygg og valdeleg, men også lovkunnig og slu – som vinn til slutt.
Torfinn er den store herskaren frå ca. 1020 til 1066, lovgjevar og tingbyggjar, krigarkonge og korsfarar. Han byggjer ein katedral på ei av øyane. Han reiser eit administrativt sentrum, innset ein bisp, dreg til Jerusalem og Konstantinopel og legg under seg eit rike som omfattar Orknøyane, Hjaltland, Suderøyane, store delar av Nord-Skottland og Vest-Skottland og ei tid også Dublin og dei søre områda i Irland.
På denne tida vart kimane til eit rike ikring øyane i sør sådde, der det oppstod ein norrøn-gælisk kultur vi nordmenn veit lite om.
Fascinerande lesnad
Men soga byd på meir fascinerande lesnad, til dømes forteljinga om Rangvald Bruseson – helten, kristenriddaren og skalden som bergar livet til den 16 år gamle Harald Sigurdson på Stiklestad. Han får ovmykje heider, vinn seg makta over Orknøyane, men maktar ikkje slå Torfinn i hel. Så vert Rangvald overraska heime i jula, av sverd og eld. Han føyser velberga gjennom flammane og gøymer seg for Torfinn i ei hole, men vert røpa av den vesle buhunden sin, som ikkje kan late vere å gøy når han merkar fiendar i nærleiken.
Høgdepunktet er sjølvsagt forteljinga om lagnaden til den heilage Magnus Erlendsson og korleis den framifrå Magnuskatedralen vart reist. Det fører naturleg over i styringstida til den siste av dei store jarlane, nemleg Harald Maddason. Under styringstida hans vart øyane trekte inn i borgarkrigen i Noreg, og her rullar Sverresoga ut det store og fargerike lerretet sitt. Vi følgjer Sverre frå han såg dagens ljos i Bergen, eller på Kirkjubø, til mor hans fortel han at han er sonen til kong Sigurd Munn og dermed har arverett til Noregs rike.
Sverresoga fortel om dei lange og seige kampane birkebeinane fører mot Erling Skakke og Magnus Erlingsson, om slagtummelen ved Kalvskinnet og Fimreite, og soga gjev att dei intelligente og retorisk flotte talane til Sverre. Ho fortel også om utmark, skog og fjell, lange vandringar i uvegsamt lende, slit og svolt, sjukdom og inderleg gudstru. Og ho gjev eit fascinerande portrett av ein av våre mest gåtefulle kongar.
Men i vår samanheng peiker vi gjerne på at soga også er eit framhald av soga om orknøyingane, fordi borgarkrigen i Noreg også er ein del av historia til desse øyane. I 1193 utrustar orknøyingane ein flåte, med god hjelp av Sverres fiendar. Dei siglar inn Oslofjorden om sumaren, legg under seg heile Folden, og om hausten erobrar dei også Bergen, men dei greier ikkje å tukte den vesle mannskapsstyrken på Sverresborg. Sverre dreg seg attende til Trøndelag, men neste sumar siglar han sørover med noko over 20 skip og møter skjeggkrigarane frå øyene i eit stort sjøslag ved Florvåg, som er kan hende det største sjøslaget i norsk mellomalder.
Øybuarane taper, Hjaltland vert innlemma i Noreg. Frå nå er Orknøyane inga krigsmakt som norske kongar lenger treng frykte. Og også Sverresoga har ei kunstnarisk utstråling som er usvekt, og gjev, saman med Soga om orknøyingane, endå ei litterær oppleving av dei sjeldne. Men Flatøybok band 4 inneheld også avslutninga av Soga om færøyingane, som handlar om korleis det går rett ille for fostersønene til den illhuga, vise og sluge Trond i Gata, som til slutt tek sin død av lagnaden til fostersønene sine. Også fleire stutte soger kalla tåttar er med i dette bandet.
Flatøybok nummer fire er – som dei tre fyrste banda – innbunden i skinn, redigert av Torgrim Titlestad og Elizabeth Ashman Rowe, omsett av Edvard Eikill og forsynt med altfor dramatiske og klisjéaktige bilete av Anders Kvåle Rue.
Bokverket som heilskap fortener si vakre og staselege form, og forlaget er på god veg med eit storverk.
Karsten Alnæs
Karsten Alnæs er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bokverket fortener si vakre og staselege form.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.