Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Forteljingar
Birger Emanuelsen:
Resten brenner vi
Bonnier Norsk Forlag
Det skal liksom karakterisera folk negativt når ein omtaler dei som lukkejegerar, men det er vel heller få ulukkejegerar i verda, med unnatak av folk på jakt etter martyrpoeng, men dei finn jo lukka i ulukka.
I den nye boka til Birger Emanuelsen møter me mange ulike personar, kvar i si soge, på sett og vis, sjølv om nokre av sogene er meir omfattande enn andre. Her er det ein del korte skisser, til dømes den heller beiske «Til svigerfar», om Ingemar som har planen klar for løynleg feiring om og når svigerfaren endeleg er borte. Ei anna skisse er om fiskaren Gjever som fiskar på ein heilag plass, får ei mengd sjøaure, men også ei nise, og som får straffa for misferda si når han kjem til land.
Det er likevel i dei litt lengre forteljingane lesaren finn mest å festa seg ved. Mellom dei er det nokre som står fram som særleg interessante. Desse tekstane har ulike tema, men dei liknar kvarandre på det viset at handlingane til personane karakteriserer dei, slik at dei ikkje treng skildrast ved utsjånad eller påstandar om eigenskapar. Dei er, det er det viktige.
Godt blikk
I ei av forteljingane grip mannen i teksten eit krus frå eit skap, på kruset står det noko slikt som «Verdas beste far», og det kruset har kona til mannen kjøpt til han som julegåve frå borna, ei jul då det berre var dei to i huset. Då var truleg ungane store og utflytta, men det seier teksten ingenting om. Heller ikkje om desse borna visste om gåva. Dette er berre ei ørlita sak som ein fort kan oversjå, men også eit døme på det blikket Emanuelsen har for personane sine.
I nokre av tekstane kan ein ane ei uvisse som hovudpersonen kjenner andsynes andre, til dels også eit trugsmål. Menn er stundom litt skumle og ubegripelege i desse tekstane, ein er ikkje sikker på kva dei kan finna på, og dei ser nokre gonger ut til å ha ein slags intuitiv idé om at lovene og reglane som ordnar menneskelivet, ikkje er heilage, dei er i grunnen berre påfunn.
Ja, dette vert ikkje sagt, men sidan det jo er sanning, nemner eg det her. Og nokre av mennene hjå Emanuelsen, helst slike som har levd ei stund, ser ut til å kjempa litt med seg sjølv for å akseptera påbod utanfrå. I «Åremål» kan ein tenkja at dette til dømes gjeld eigedomsretten. Ein mann er hyra inn til å henta ein eldre kar ut frå eit sel som nokre byfolk har kjøpt, eit sel den eldre karen har leigd i alle år. Korleis kjem det til å gå?
Originalt
Nokre finn lukka i det som står fast, andre søkjer ho i endringar. Slike kan finna stad, som me veit, til godt og vondt. Men om ei endring er god, er ho ikkje alltid like god å halda fast ved. It’s hard to stay changed, som dei seier vestpå. Det røyner ein fiskar i novella eller forteljinga «Grunnstøting», der alkoholisme er eit tema, og endringa er ein varig prosess, ikkje eit resultat.
Den beste forteljinga er, slik eg ser det, «Emissærens datter». Teksten har mange fine detaljar, og ein vert gripen av det som skjer, og av den sannsynlegvis alvorleg sjuke, men djupt inspirerte emissæren, ein heilag mann med eit kall som kapital, men også truleg ved fronten i indre strid mellom gud og djevel, slik dottera observerer han.
Resten brenner vi er ei original samling av tekstar skrivne av ein forfattar som veit korleis folk er, både i det individuelle og eksklusive og i det sams menneskelege.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.
Foto: Gyldendal
Erfaringar av tap og nytt liv
Debutdikta til Anngjerd Rustand eig omhug for omverda og er skrivne med klårleik og vent, sanseleg nærvær.