Få kjenner Munch betre
Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.
Ivo de Figueiredo.
Foto: Agnete Brun
Biografi
Ivo de Figueiredo:
Stormen. En biografi om Edvard Munch, bind 2
Aschehoug
Kvifor får vi aldri nok av Edvard Munch? Er det dei tidlause, fargerike bileta som lukkast med å seie noko ærleg og ekte om det å vere menneske? Eller kan det like gjerne vere kunstnaren sjølv, som både samtida og ettertida har prøvd å mystifisere som eit nerveslite og folkefiendtleg geni?
Gjennom to bind går historikar Ivo de Figueiredo særdeles grundig til verks med å skildre og forstå den største kunstnaren vår, men kva er eigentleg prosjektet?
Mykje er skrive om Edvard Munch opp gjennom åra, også i levetida hans. Jens Thiis og Rolf Stenersen byrja arbeidet med å dekode den felles kunstnarvenen deira alt for hundre år sidan.
Også den skjønnlitterære biografien til Ketil Bjørnstad frå 1993 står att som ein milepåle. Når biografiane til Thiis og Stenersen er skrivne av personar som faktisk kjende og omgjekst Munch, ber dei like fullt preg av ein god dose blind beundring og ein tydeleg personleg agenda. Slik framstår tobindsverket til Ivo de Figueiredo som eit meir nyansert og sannferdig portrett.
«Kan hende var Munch berre ein usympatisk egosentrikar?»
Eit botnpunkt i livet
Bind 2 av Stormen plukkar opp Munch i kjølvatnet av den illgjetne natta i Åsgårdstrand som enda med ein avskoten finger og ei endeleg avslutning på eit mangeårig og giftig forhold til Tulla Larsen.
Munch rømmer til Berlin, og vi følgjer han gjennom dei mørke åra med fyll, slåsting, tidvis mager økonomi og ei rekkje meir eller mindre vellukka utstillingar på kontinentet. Den destruktive livsstilen endar i totalkollaps i 1908 og i den følgjande livberginga, ei sju månader lang innlegging ved Dr. Jacobsons klinikk i København.
Dette botnpunktet i livet til Munch verkar som det avgjerande midtpunktet i andre bind. Det er openbert eit før og etter opphaldet på nerveklinikken, både på eit menneskeleg plan og i kunstnarvirket.
Det som kunne ha ført til tidleg død, vart heller eit stort vendepunkt i livet til Munch. I 1909 vender han attende til Noreg med ny giv og truleg eit nytt livssyn. Inntak av rusmiddel og jag etter kvinner er historie, og Munch vel å vie livet sitt til kunsten. Dei følgjande 35 åra skaper Munch kunst i stort tempo og lever nærast asketisk.
Gode og dårlege val
I ein biografi som gjennomgåande er svært detaljert, og der lite er utelate, er den største innvendinga mi mangelen på eit meir overordna prosjekt. Kva er det de Figueiredo vil kome til botnar i? Kva er det han vil gje oss svar på?
Kan hende var Munch berre ein usympatisk egosentrikar, fødd med ei nådegåve og eit stort talent for å skildre det indre kjenslelivet vårt med eit penselstrøk? Eller var det noko meir der, anten det gjeld livssynet til Munch eller talentet for å mystifisere seg sjølv?
Eg saknar meir plass til dei filosofiske spørsmåla som dr. Daniel Jacobson reiser i samtalar med Munch på nerveklinikken og som brevven i åra som følgde, og ikkje minst gjennom Munchs slektning Ludvig Ravensberg. Mantraet hans om at kunsten skal vere personleg og skapast frå ein subjektiv ståstad hos kunstnaren, er Munch på mange måtar eit krondøme på.
Når det er sagt, vert eg endå ein gong svært fasinert av Munch, det livet han levde og dei vala han tok, meir eller mindre gode og dårlege. Han framstår som eit menneske av kjøt og blod, også sårbar og med sjølvmotseiingar som alle oss andre.
Ivo de Figueiredo lukkast svært godt med å trekkje dei lange linene, og han får meg til å skjøne årsak og verknad bak den tidvis utsvevande livsførselen til Munch.
Språket flyt lett, og lesinga er både underhaldande og levande. Få biografiar om Munch er meir tilgjengelege for eit ålment publikum enn denne. Eg tek meg sjølv i å smile fleire gonger, like ofte som eg ristar på hovudet. Heller ikkje Munch gjer det enkelt for seg sjølv, og det gjer han lettare å like.
Kan hende kunne det ha vore rom for fleire direkte sitat frå ulike brevvekslingar, sjølv om det hadde gjort lesaropplevinga mindre tilgjengeleg.
Frå krybbe til grav
Den siste delen av boka, som tek for seg svanesongen til kunstnaren, isolert i villaen Ekely, står for meg att som den sterkaste. Her lukkast de Figueiredo godt med å skildre den aldrande og einsame kunstnaren, som alt har rokke å verte hylla og dyrka i samtida si, ikkje minst blant nazistane som på denne tida okkuperer Noreg.
Kva er det den gamle kunstnaren etterlèt denne verda, og kven forvaltar det og til kva pris? Som ettertida har vist, kunne ikkje dette ha enda særleg betre, men gjennom denne omfattande biografien er det rørande å oppleve kva offer som ligg bak.
Få nolevande personar kjenner Edvard Munch betre enn Ivo de Figueiredo. Historikaren må ha brukt tallause timar med å pløye gjennom alt av notat, brev og avisartiklar i det rikhaldige arkivet til Munch-museet. Resultatet er ein svært detaljert og like fullt fasinerande biografi, som saman med det første bindet av Stormen følgjer Munch frå krybbe til grav.
Frå kunstnarfødsel i bind 1 til attføding i bind 2 – Stormen vil stå att som ein av dei fremste biografiane som er skrivne om Edvard Munch.
Henrik Martin Dahlsbakken
Henrik Martin Dahlsbakken har regissert og skrive manus til filmen Munch (2023).
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»
Fotballpresident Lise Klaveness under ein pressekonferanse på Ullevål stadion.
Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB